Oppsal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oppsal (Opsal eller og Opsahl) er eit norsk etternamn og eit utbreidt gardsnamn. Gardar med namnet Oppsal finst over heile Austlandet, både i Buskerud, Oppland Hedmark, og kring Oslofjorden. Namnet er gjeve ein gard som ligg eit stykke oppe i ei li, ein "høg sal". Gardsnamnet eller stadnamnet finst og i Sverige, då gjerne i forma Uppsala. Mykje tyder på at gardane, som den tilsvarande staden i Sverige, kan ha vore knytt til ein førkristen heilagdom. I Hallingdal ligg garden Oppsal ikkje langt frå garden Ve, ein gamal kultstad.

Nordmenn med etternamnet Opsahl[endre | endre wikiteksten]