Orchardleigh Lake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orchardleigh Lake
innsjø
none  Den minste av dei to innsjøane sett frå kyrkja på øya
Den minste av dei to innsjøane sett frå kyrkja på øya
Område Somerset
Areal 11 23 hektar km²
Øyar 1
Wikimedia Commons: Orchardleigh Lake

Orchardleigh Lake (òg skrive Orchardlea) er ein 11 hektar stor kunstig innsjø like nord for Frome i Somerset i England. Han vart laga då ein demde opp ei av sideelvane til Frome. I dag vert innsjøen nytta til sportsfiske,[1] og fuglekikking.

Det ligg ei lita øy på vestsida av innsjøen der St Mary's Church ligg. Kyrkja vart bygt på 1200-talet og vart kraftig renovert av Sir George Gilbert Scott, for W. A. Duckworth, i 1878. Kyrkja er i dag freda.[2] Det vert ofte halde bryllaup i kyrkja. Det går ei gangbru over til øya frå fastlandet.

Det er i røynda to innsjøar ved Orchardleigh. Den minste innsjøen inneheld øya med kyrkja og ein langt større innsjø ligg 150 meter gjennom eit lite skogområde.

Det er ein del sjøfugl å sjå ved innsjøen, mellom anna dvergdykkar, toppdykkar og knoppsvane, samt overvintrande toppand og taffeland.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fishing Information for the Frome Areal» (Word). Frome Tourist Information Centre. http://www.frometouristinfo.co.uk/word_docs/fishing.doc. Henta 28. mars 2010. 
  2. «Church of St. Mary, causeway bridge and gates». Images of England. http://www.imagesofengland.org.uk/details/default.aspx?id=267143. Henta 28. mars 2010.