Orre
| Orre | |||
| busetnad | |||
Orrestranda | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Orre 58°43′43″N 5°31′44″E / 58.72869444°N 5.52886111°E | |||
Orre er ei bygd i Klepp kommune i Rogaland fylke. I det grøderike og flate området, med mange gardar, vert det drive stort innan landbruk. Mellom anna finst det fleire gartneri og drivhus. Det vert drive med ymse grønsakdyrking.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Staden er kjend for Orrestranda, som saman med Borestranda utgjer den lengste sandstranda i Noreg. Folkesetnaden i krinsen var 1283 i 2004, og som resten av kommunen har bygda ein ung folkesetnad.
Orrevatnet på 8,04 km² utgjer nedre delen av Orrevassdraget og er den største innsjøen på Jæren.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]På staden ligg Orre gamle kyrkje, ei mellomalderkyrkje frå 1200-talet og Orre kyrkje frå 1950.
Forfattaren Alexander Kielland heldt ofte til i området medan han vitja Jæren, og kan ha brukt det som inspirasjon for nokre av jærskildringane sine.
I nyare tid er Orre blitt kjend lokalt for Friluftshuset, eit bygg tilpassa det flate landskapet som fortel om miljøet i området. Huset har ope kvar søndag og viser ei permanent utstilling knytt til Jærstrendene landskapsvernområde. Her er også andre framstillingar og sommarkonsertar.
Orremesså vert halden på Orre kvart år.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Klepp kommune om naturvern i kommunen
- Friluftshuset ved Orrestranda Arkivert 2008-04-14 ved Wayback Machine. ved Jæren friluftsråd
- Orre gartneri Arkivert 2005-10-27 ved Wayback Machine.
- Orremesså
