Osøyro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Osøyro
Osøyri
tettstad
none  Oøyro Foto: Jan-Tore Egge
Oøyro
Foto: Jan-Tore Egge
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Os
Areal 7,92 km²
Folketal 12 592 (2015)
Folketettleik 1 590 / km²
Postnummer 5200 OS
Wikimedia Commons: Osøyro, Os

Osøyro eller Osøyri er ein tettstad og administrasjonssenteret i Os kommune i Hordaland. Tettstaden har 6 120 innbyggjarar per 1. januar 2015 og ligg på søraustsida av Bergenshalvøya ved Fusafjorden, med sentrum ved munningen av Oselvo. Han strekker seg langs fjorden sørover til Haljem og femner frå 2013 også den tidlegare sjølvstendige tettstaden Hagavik, som låg omkring Skeisosen i vest.

Osøyro har verkstad- og trevareindustri, fylkeskommunal vidaregåande skule og fjordhotell. I Hagavik ligg Kysthospitalet i Hagevik (KiH), eit spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi.

Europaveg 39 og fylkesveg 552 går gjennom Osøyro. Frå 1894 til 1935 gjekk det eit 26 kilometer langt, privat og smalspora jarnbanesamband (750 mm) frå Osøyro til Nesttun stasjonVossebanen (Nesttun-Osbanen), i korrespondanse med lokaltog til Bergen og Voss.

Namnet Osøyro kjem av namnet på garden Os, og av dét at garden Osøyro ligg på ei slette ved utlaupet (osen) av Oselvo.

Bilete frå Osøyro[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]