Oslo Soul Children

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oslo Soul Children er eit norsk kor med barn og tenåringar frå Oslo-området. Koret syng originalskriven og arrangert musikk som har element frå pop, rock, soul, R'n'B og gospel.

Koret har 50 medlemmer som er plukte ut ved audition. Fleire av koristane i Oslo Soul Children har vore solistar ved oppsettingar av Les Miserables, Annie og Olsenbanden Junior. Dei har også gitt norsk tale til «Løvenes Konge», «Goodboy», «Peter Pan» og for Disney Channel.

Ragnhild Hiis Ånestad er dirigent for koret (2015).

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Koret, ved dirigenten, fekk i 2010 Petter Dass-prisen for arbeidet sitt, som representerer folkeleg kristen tru prega av si breie og glade formidling av tru på Gud.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • «Livsglede 1» juni 2001
  • «Shine» juni 2002
  • «Julestjerne» november 2003
  • «Jump» september 2004 - DVD oktober 2005
  • «Livsglede 2» februar 2006 – DVD januar 2007
  • «Shout» desember 2007
  • «Hope» august 2008 (singel)
  • «Number One» juni 2009 (singel)
  • «Kviskre ei bønn» november 2009 (singel)
  • «Livsglede 3» februar 2010
  • «Beautiful Day» juni 2010 (singel)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]