Oslofjordtunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oslofjordtunnelen
Munninga av Oslofjordtunnelen på Verpen i Hurum.
Lengd7 306 meter
Stigning7%
Trafikk10 860 (2023)[1]
Opna29. juni 2000
Kart
Oslofjordtunnelen
59°39′53″N 10°36′47″E / 59.66472222°N 10.61305556°E / 59.66472222; 10.61305556

Oslofjordtunnelen er ein undersjøisk tunnel under Oslofjorden i Drøbaksundet for Europaveg 134 (den tidlegare riksveg 23). Tunnelen går mellom Måna i Frogn kommune på austsida av fjorden og Verpen i Hurum i Asker kommune på vestsida, og er med dei tilhøyrande vegane eit viktig tverrsamband mellom Europaveg 6/Europaveg 18 på austsida av Oslofjorden og Drammensområdet. Sambandet vart offisielt opna 29. juni 2000 av kong Harald V.

Tunnelen er 7 306 meter lang, i eitt løp med eit køyrefelt i kvar retning, og med eit ekstra krabbefelt i stigningane. Det djupaste partiet ligg 134 meter under havoverflata, og den største stigninga er på 7 %. Altså er det bratte ned- og oppkøyringar i tunnelen.

Tidlegare gjekk det bilferje over fjorden mellom Storsand i Hurum og Drøbak.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trafikkdata - Ev134 Oslofjordtunnelen». Statens vegvesen.