Ottar Landfald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ottar Landfald
Fødd 18. mai 1919
Død

28. desember 2009

Yrke politikar

Ottar Ingebrigt Landfald (18. mai 191928. desember 2009) var ein norsk politikar, fødd i Verdal i Nord-Trøndelag. Han representerte Hedmark fylke og SenterpartietStortinget frå 1973 til -81.

Landfald var son til ein gardbrukar og gjekk sjølv på ein norskdriven jordbruksskule i Sverige i 1943/44. Etter eit førebuande kurs ved Hamar Katedralskole 1945/46 utdanna han seg til sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskole 1946-49. Frå 1950 til 1980 var han gardbrukar på garden Kåterud i Stange, også overlærar ved Jønsberg landbruksskole 1951-53.

Frå 1956 til -68 var Landfald medlem i Stange formannskap. Han var formann 1959-70 i kornutvalet til Norges Bondelag, 1961-65 i Hedmark Bondelag og 1969-77 i fylkeslandbruksstyret i Hedmark. Seinare var han 1983-89 nestformann i styret i Statens kornforretning.

Valperiodane 1973-77 og 1977-81 var Landfald stortingsrepresentant for Senterpartiet og Hedmark. Han var i begge periodane medlem i Forsvarskomiteen.

Landfald vart tildelt Deltakarmedaljen med diplom i 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]