Otto Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Dahl
Fødd 16. juni 1914
Hamar
Død

16. januar 1978

Yrke politikar

Otto Dahl (16. juni 191416. januar 1978) var ein norsk skatterevisor frå Hamar og stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet for Hedmark i tida 1954-69.

Dahl var son til ein barbermeister. Sjølv gjekk han ut av middelskulen i 1931 og ein handelsskule i 1933. Deretter var han i to år assistent på kemner- og borgarmeisterkontoret i Hamar, før han frå 1935 og fram til 1942 var assistent ved Hedmark skatteinspektørkontor. Sidan var han 1942-47 rekneskapkontrollør og 1947-70 bedriftsrevisor ved same kontoret. Frå 1970 til 1978 var han fylkesrevisor i Hedmark.

Frå 1945 til 1959 var Dahl medlem i Hamar bystyre, ein stor del av tida sat han i formannskapet. Hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget frå valkrinsen Hedmark, og vart sidan attvald dei tre neste stortingsvala. Dei tolv fyrste sesjonane var han medlem i Militærkomiteen, nestformann i komiteen frå 1957 til -65. Siste fire åra på Tinget var han medlem i Sosialkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]