Otto Hjellegjerde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Hjellegjerde
Fødd 21. juli 1917
Sykkylven
Død

1. januar 1997

Yrke forretningsdrivande

Otto Hjellegjerde (21. juli 19171. januar 1997) var saman med brørne Mindor og Ingvald Hjellegjerde gründerane bak møbelkonsernet Hjellegjerde møbler, som no går under merkenamnet Fjords by Hjellegjerde. Fabrikken starta hausten 1941 som Lenestolfabrikken Hjellegjerde i kjellaren og ei stove i huset til Otto og Henny Hjellegjerde.

Konsernet har hovudfabrikken i Sykkylven, på Sunnmøre, med ei avdeling i Stordal.

Over 70 prosent av omsetninga går i dag til eksport. Selskapet, med ticker HJE, blei børsnotert i 1997.

Otto Hjellegjerde har fått Kongens Fortjenstmedalje i gull. Han døydde i Sykkylven.