Sykkylven kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sykkylven kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1528
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Sykkylven
Areal 337 km²
Folkemengd 7 673 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Petter Lyshol (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.sykkylven.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1528.svg
Sykkylven kommune på Commons

Sykkylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal med om lag 7600 innbyggjarar. Kommunen grensar til Stordal og Stranda i aust og til Ørsta i sørvest. I nord ligg Storfjorden med Ålesund, Skodje og Ørskog på andre sida. Om lag 3/4 av folket i kommunen bur langsmed den åtte kilometer lange Sykkylvsfjorden, ein sidefjord av Storfjorden. Kommunikasjonen på tvers av fjorden vart monaleg betre då Sykkylvsbrua vart opna i 2000 mellom krinsane Vik og Ikornnes.

Namnet Sykkylven er truleg eit gamalt fjordnamn. Sistelekken -ylven tyder truleg ‘lågt fuktig lende’, medan fyrstelekken anten kan kome av ‘sekk’ (jf. det faktum at det er tale om ein sekkefjord) eller av ‘stilleståande eller langsamt rennande vatn’, evt. ‘lita vik’ (jf. skrivemåten Síkiflir).

Sykkylven er ei fin bygd for fjellturar. Der er mange høve til gåturar og til skiturar, t.d. på Fjellsætra der det er skianlegg for alpint (Sunnmørsalpane skiarena) og for langrenn. Dei høgaste tindane, t.d. Råna (1586 m. over havet), eignar seg for fjellklatring.

I kulturlivet merkar Sykkylven seg ut med eit rikt musikkliv med bl.a. sju korps, ti kor, storband og fleire band.

Det kjem ut ei lokalavis for kommunen, Sykkylvsbladet, med redaksjonslokale på kommunesenteret Aure.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sykkylven vart skild ut frå Ørskog som eigen kommune i 1883. Bygdene Ramstaddalen og Søvikdalen vart tilførde frå Ørskog i 1955.

Arkeologiske funn under leiing av fylkesarkeolog i Møre og Romsdal, Bjørn Ringstad, viser at der har vore fast busetnad på tettstaden Aure sidan 800 år før Kristus.

Norsk møbelfaglig senter er lokalisert i Sykkylven, og er eit dokumentasjonssenter og museum for møbelindustrien.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Sykkylven kommune frå 1883:

1.8.1883[2] 1900[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
2029a 2420a 2424a 2426a 3261a 3816a 4815 5643 6559 6887 7383 7589

aDette talet omfattar ikkje eit område som var del av Ørskog kommune fram til 1955, då det vart overført til Sykkylven kommune. Dette området hadde då 348 innbyggjarar.

Næringsgrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i Sykkylven er industri, med hovudvekt på møbelindustri. Dei mest kjende møbelfabrikkane er Ekornes, Scandinor ANS, Hjellegjerde, Brunstad og Formfin. I tillegg er der industrigreiner som produserer t.d. transformatorar, emballasjeprodukt, stålkomponentar, baderomsinnreiing, bygningsprofilar og utstyr til skip og oljeinstallasjonar. Der er òg fleire underleverandørar, sørvisbedrifter og design- og arkitektkontor.

Tettstader og bygder[endre | endre wikiteksten]

Sykkylven har tre tettstader:

Av bygder og bygdelag kan desse nemnast:

Offentlege institusjonar[endre | endre wikiteksten]

I Sykkylven prestegjeld har ein to sokn: Sykkylven og Ikornnes. Prestegjeldet høyrer til Austre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Sykkylven kyrkje vart vigsla i 1990, etter at gamlekyrkja brann ned i 1983. Ikornnes kyrkje vart vigsla i 1978.

Sykkylven lensmannsdistrikt i Sunnmøre politidistrikt høyrer til Sunnmøre tingrett.

Sykkylven har ein vidaregåande skule, Sykkylven vidaregåande skule, med yrkesfaglege og studieførebuande studieprogram.

Kjende folk frå Sykkylven kommune)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Sykkylven 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.