Otto Robert Frisch
Otto Robert Frisch | |
![]() Biletet på ID-kortet til Otto Robert Frisch frå Los Alamos i krigsåra. | |
Fødd | 1. oktober 1904 Wien i Austerrike-Ungarn |
---|---|
Død | 22. september 1979 (74 år) Cambridge i Storbritannia |
Nasjonalitet | Austerriksk-britisk |
Område | fysikk |
Yrke | fysikar, kjernefysiker, universitetslærar |
Institusjonar | University of London University of Birmingham Birkbeck, University of London Universitetet i Hamburg Københavns Universitet Atomic Energy Research Establishment |
Alma mater | Universitetet i Wien |
Kjend for | atombomba |
Influerar | Rudolf Peierls |
Medlem | Royal Society |
Signatur![]() |
Otto Robert Frisch (1. oktober 1904–22. september 1979) var ein austerriksk-britisk fysikar. I samarbeid med Rudolf Peierls utforma han den første teoretiske mekanismen for å detonere ei atombombe i 1940.
Frisch foreslo i 1938 saman med Otto Hahn nemninga fisjon på kjernespalting.
I 1930-åra studerte han i København, England og USA, og var under andre verdskrigen i England, og seinare i USA. Frå 1947 til 1971 var han professor ved University of Cambridge. I 1940 skreiv han saman med Rudolf Pierls eit skriv om høvet for å lage ei superbombe basert på kjedereaksjon i uran, og dei konkluderte med at dette var mogleg. Frå 1943 deltok han i Manhattan-prosjektet i Los Alamos med bygging av atombomba.
Han har mellom anna skrive Meet the Atoms (1947) og The Nature of Matter (1970).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Otto Robert Frisch. (28.02.2013) I Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (engelsk) Annotated bibliography for Otto Frisch from the Alsos Digital Library for Nuclear Issues Arkivert 2006-08-28 ved Wayback Machine.
- (engelsk) Oral History interview transcript with Otto Robert Frisch 8 May 1963, American Institute of Physics, Niels Bohr Library and Archives Arkivert 2015-01-12 ved Wayback Machine.
- (engelsk) Oral History interview transcript with Otto Robert Frisch 3 May 1967, American Institute of Physics, Niels Bohr Library and Archives Arkivert 2015-01-06 ved Wayback Machine.
- Einskildmenn
- Fødde i 1904
- Døde i 1979
- Britiske fysikarar
- Austerrikske fysikarar
- Folk tilknytte Manhattanprosjektet
- Medlemmar av Royal Society
- Folk frå Wien
- Fysikarar på 1900-talet
- Jødiske fysikarar
- Britiske jødar
- Austerrikske jødar
- Britiske kjernefysikarar
- Atomvåpenprogrammet til Storbritannia
- Jødiske flyktningar
- Austerrikske flyktningar