Otto Øgrim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otto Øgrim

Fødd1. oktober 1913
Død6. desember 2006
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnTron Øgrim

Johan Otto Øgrim (1. oktober 19136. desember 2006) var ein norsk fysikar og forfattar. Han vart saman med Helmut Ormestad rikskjent gjennom NRK-programserien Fysikk på Roterommet.

Dei to skreiv òg saman med Kåre Lunde eit mykje brukt fysikkverk for vidaregåande skule kalla Rom Stoff Tid, som dei tre vann Cappelenprisen for i 1983.

Øgrim var i mange år tilsett som universitetslektor i fysikk ved Universitetet i Oslo. Han er forfattar og medforfattar av ei rekkje bøker om fysikk, mellom anna i samband med Roterommet-serien, skulebøker og målestandardar.

Øgrim var son av Tobias Immanuel Øgrim, som mellom anna var leiar for Frelsesarmeen i Noreg. Otto Øgrim var far til forfattaren Tron Øgrim, og professor Leikny Øgrim. Han var bestefar til rapparane Elling og Aslak Borgersrud i Gatas Parlament, og til journalist og politikar Liv Gulbrandsen.

Under andre verdskrigen var Øgrim eit sentralt medlem i den norske etterretningsorganisasjonen XU, der han gjekk under kallenamna «Nr. 8» og «Jørgen».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten 27. desember 2006, nekrolog