XU

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

XU var den største og viktigaste allierte etterretningsorganisasjonen i det okkuperte Noreg under andre verdskrigen. Det meste av XU si verksemd vart halden hemmeleg fram til 1988.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namnet er ikkje sikkert stadfest. Ifølgje Sæter & Sæter (2007) var det Lauritz Sand, ein av av dei som var med på å starta XU, som var namngjevaren.[1] Under den fyrste verdskrigen hadde Sand arbeidd for britisk etterretning i Indonesia, den gong kalla Nederlandsk India. Her bygde han opp ei gruppe som vart kalla XU. Svein Sæter meiner i kapittelet «Viljen til kamp» frå boka XU: I hemmeleg teneste 1940-1945 at X står for «unknown» og U for «undercover agent».[2] Lars Borke meiner derimot at X står for «secret» og U for «intelligence».[3] I 1940 var Lauritz Sand tilsett ved Universitetet i Oslo, og dei unge studentane i kretsen rundt veteranen forma kjernen i denne gruppa. Då fleire av den norske motstandsrørsla sine etterretningsgrupper slo seg saman tidleg i 1941, fekk Sand gehør for sitt forslag om å bruka det gamle namnet frå førre krig.

Ein annan av medstiftarane av XU var Arvid Storsveen, som seinare vart leia for organisasjonen. Saman med Ivan Th. Rosenqvist hadde han allereie før danninga av XU bygd opp eit lite etterretningsnett på Austlandet, med forgreningar til Vestlandet.

Mange av folka i organisasjonen vart rekrutterte frå eit eliteprega miljø ved Blindern på Universitetet i Oslo.[4] Gruppa knytte til seg kontaktar over heile Noreg, og folk innan politiet, jarnbana og liknande, og samla informasjon, kart og fotografi over nært alle tyske festningsanlegg og styrkar.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

XU bestod av 17 distrikt, som alle hadde sin sjef. Dei rapporterte via MI2 i Stockholm og direkte til FO2 (Overkommandoen til Forsvaret) i London. XU var opphavleg ein del av Milorg, men vart i løpet av 1941-42 skilt ut som ein sjølvstendig organisasjon direkte underlagd FO II og MI II.[4]

Verksemd[endre | endre wikiteksten]

I 1944 klarte XU å smugla dokumentasjon om tyskarane si V-1-flygande bombe (biletet), ut frå Tyskland i Quisling sitt eige fly.

Etter at det var etablert eit nett over heile det sørlege Noreg kom Gestapo våren 1942 på sporet av organisasjonen. Fleire i leiinga måtte flykta til Sverige, blant dei Storsveen som heldt fram med å leia organisasjonen frå utlandet. Storsveen vitja likevel Oslo i april 1943, og vart drepen i ei Gestapo-felle. Han avsløra likevel ikkje kven han var og XU heldt fram under leiing av Øistein Strømnæs og Anne-Sofie Østvedt.

Strømnæs heldt fram å leia XU frå Oslo fram til dei tyske styrkane kapitulerte i mai 1945. I tillegg til å forsyna dei allierte med svært detaljert informasjon om dei tyske styrkane i Noreg, hadde XU òg agentar i Tyskland, ein av dei viktigaste var den unge studenten Sverre Bergh. Fleire av deira medlemmar var kurerar for Paul Rosbaud som var ein svært viktig agent for britiske Secret Intelligence Service (MI6) i Tyskland.

På slutten av krigen hadde XU rundt 1 500 agentar over heile Noreg og hadde utvikla eit sofistikert kurersystem til Storbritannia via Sverige. Det kunne sendast rundt 500 A4-sider kvar dag. Mengda med etterretning gjorde at dei allierte styrkane hadde godt oversyn over tyske styrkar i Noreg. Denne informasjonen var heilt naudsynt ved bombetokt og ville vore uvurderleg ved ein mogleg alliert invasjon i Noreg.

Østfold var eit av fylka der XU utviste størst aktivitet. I Fredrikstad hadde kaptein Rudolf Graff og hans menn i XU hovudkvarter i Tøihusgaten 45 i Gamlebyen. Av gruppene i Østfold var den såkalla «PAN-gruppa», leia av lensmann Harry Bjerkebæk i Berg, den mest aktive. Bjerkebæk vart arrestert av Gestapo og tok sitt eige liv i cella i Halden 28. februar 1945.

Ryeng, Føre og Ravn gav i boka Krig i Nord, Historien om XU i Nord-Norge verdifull informasjon om XU si verksemd i landsdelen, ei verksemd som tidlegare hadde vore lite omtalt.

Sentrale medlemmar i XU[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

XU var underlagt ei streng teieplikt om at verksemda deira under krigen aldri skulle verta kjend, og vart dermed lite omtalt etter krigen. Dette førte òg til at fleire XU-medlemmar vart skulda og dømde for landssvik etter krigen. I 1989 reiste politikaren Tore Austad krav om oppreising og reinvasking av slike XU-medlemmar. Forsvarsminister Johan Jørgen Holst gav dei full honnør og oppheva teieplikta på dagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Einar Sæter & Svein Sæter: XU : I hemmeleg teneste 1940-1945[daud lenkje]
  2. XU: I hemmeleg teneste 1940-1945 s. 35
  3. Lars Borke: Henry Rinnan. Fattigungen s. 104
  4. 4,0 4,1 Eitinger-rapporten, 11.6.4.3[daud lenkje]
  5. «Til minne om William Dall på Oljens fødselsdag 17. september». Arkivert frå originalen 12. mai 2019. Henta 22. november 2020. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Melberg, H. & T. Brynildsen (1988): Dobbeltspill. Nazilensmannen som lurte tyskerne. Spiongruppen XU-PAN, Valdisholm Forlag
  • Sæter, E. & Sæter, S. (2007): XU: I hemmeleg teneste 1940-45, 3. utg. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Ryeng, N., Føre, O.C. og Ravn, O. (2009): Hemmelig krig i nord. Historien om XU i Nord-Norge, 1. utg. Oslo: Orion Forlag.
  • Kværk, Gunnar Fredrik (2006): Kværk om XU, 2. utg., Ekeskogens Forlag. ISBN 82-994797-3-8
  • Fodstad, Bjørg: Brystkaramellene- Fra XU til Grini Ekeskogen forlag. ISBN 82-994797-1-1
  • Bergh, Sverre og Sæter, Svein (2006): Spion i Hitlers rike Damm forlag. ISBN 10: 820412361-2, ISBN-13:978-82-04-12361-9.
  • Borse, Sønnøv Sem (2000): Det blir ikke selskap for Emily, en spenningsroman fra Oslo under annen verdenskrig om hvordan det var å leve med XU. ISBN 82-7599-018-1