Hopp til innhald

Ove Gjerløw Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ove Gjerløw Meyer
StatsborgarskapNoreg
Fødd1742
Død

4. november 1790 (48 år)

Yrkelyrikar, jurist

Ove Gjerløw Meyer (17424. november 1790) var ein norsk patriot og embetsmann frå Fredrikshald.

Meyer studerte i København, der han tok både teologisk og juridisk embetseksamen. Han var ein «ivrig patriot» som i 1771 gav ut eit skrift der han kravde at det vart oppretta ein universitet i Noreg. I 1772 skipa han Det norske Selskab København, og var i fleire år formann for selskapet. Frå 1778 var han byfut i Tønsberg og sidan assessor i overhoffretten i Christiania og lagmann i Tønsberg.