Päivi Alafrantti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Päivi Alafrantti
Statsborgarskap Finland
Fødd 8. mai 1964 (59 år)
Tervola
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Päivi Jaana Maarit Alafrantti (fødd 8. mai 1964) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Tervola i Lappland. Ho vart europameister i spydkasting i 1990.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Den 10. september 1988 forbetra Alafrantti sin personlege spydrekord til 63,18 m under eit stemne i Lappeenranta. Dermed hadde ho billett til dei olympiske sommarleikane i Seoul, der ho kvalifiseringa slengde spydet 62,82 m. Men i finalen stod ho med 58,20 meter som best etter tre omgangar og enda som nummer ti. Året 1989 vart Alafrantti finsk meister i spydkasting.

Under europameisterskapen 1990 i Split vart alle hennar tre kast i kvalifiseringa underkjende. Den finske leiinga la ned protest og juryen gav Alafrantti plass i finalen. Her gjorde Alafrantti sitt livs spydkast og forbetra sin personlege rekord med over to meter til 67,68 meter. Ho vann då gullmedaljen framom dei austtyske utøvarane Karen Forkel, 67,56 m, og Petra Felke, 66,56 meter.

Ved VM 1991 i Tokyo vart Alafrantti nummer åtte med 62,26 meter. Året etter rauk ho ut i kvalifiseringa under sommarleikane i Barcelona, ingen av dei tre forsøka vart kjend gyldig. I 1993 vann ho den finske meisterskapen i spydkast for andre gong. Internasjonalt nådde ho ikkje opp, under VM 1993 vart ho nummer 13 og i EM 1994 heime Finland hamna ho på attandeplass. Ho slutta tevle i 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]