Karen Forkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Karen Forkel (fødd 24. september 1970) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvarar frå Wolfen i Sachsen-Anhalt som gjennom 1990-åra høyrde til verdseliten i spydkasting for kvinner. Perioden 1990-94 vann ho to EM-sølv, VM-sølv og OL-bronse i øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Knapt 20 år gammal var Forkel nær ved å verte europameister 1990 i Split. Med eit 67,56 meter langt kast enda ho 12 centimeter kortare enn vinnaren, Päivi Alafrantti frå Finland. I mai 1991 landa spydet på 70,20 m i eit stemne i Halle, Forkels lengste kast med den «gamle» spydtypen. Året etter vann ho bronsemedaljen under Barcelona-OL 1992 med eit bestekast på 66,86 m. Deretter kom Forkel på andreplassen både ved VM 1993 i Stuttgart og i EM 1994 i Helsinki, i begge meisterskapane klart slått av norske Trine Hattestad.

Forkels bestekast med den nye spydtypen målte 65,17 meter og vart oppnådd ved eit stemne i Erfurt i juli 1999. Ho kom ikkje med i den tyske troppa til Sommar-OL 2000 i Sydney og la opp ved sesongslutt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]