Pøbel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For gatekunstaren, sjå kunstnaren Pøbel.
Døden kastar sverdet «folkejustis» til pøbelen under ein revolusjon. Trykk frå 1848.

Pøbel er eit nedsetjande uttrykk brukt om ein rå, udanna person, og viste tidlegare til dei breie lag av folket, særleg i ein større by. Ordet er komme til norsk frå latin 'populus', som tyder folk, gjennom tysk 'pöbel', lågtysk 'popel' og fransk 'peuple'. Uttrykket vart opphavleg ikkje brukt nedsetjande.

Omgrepet «pøbelvelde» eller oklokrati viser til ei vondarta form for folkestyre.

Pøbelprosjektet i Stavanger nyttar «pøbel» om ungdom som ikkje er i utdanning eller arbeid og som prosjektet ønskjer å gje nye moglegheiter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«pøbel» i Store norske leksikon, snl.no.