PASOK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
PASOK logo 2012.svg

Panellínio Sosialistikó Kínima (PASOK; Πανελλήνιο Σοσιαλιστικό Κίνημα), den panhellenske sosialistrørsla,[1] er eit sosialdemokratisk parti i Hellas.

Partiet vart skipa i 1974, på grunnlag av ei eksilgruppe danna i 1968 av Andreas Papandreou, og vann parlamentsvalet i 1981. Det vann òg i 1993, men etter det byrja helsa til Andreas Papandreou å skrante, og i 1996 tok Kostas Simitis over. I 2004 kom det til eit generasjonsskifte i partileiinga, og Georgios Papandreou tok over. Dei tapte likevel makta til dei konservative i Nea Dimokratia, og vart verande i opposisjon etter valet i 2007. Ved valet i 2009 vart PASOK atter det største partiet, med nesten 44% av stemmene.

Logoen til PASOK er ei oppstigande grøn sol. Partiet blir i Hellas forbunde med grønt som politisk symbolfarge. Dette har likevel ikkje noko direkte med økologi å gjere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Ersland, Birgitta Lim (13. juni 2018). «Pasok». Store norske leksikon. Henta 28. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]