Pamela Badjogo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pamela Badjogo

Fødd3. desember 1982 (41 år)
OpphavGabon
SjangerAfro-jazz
Verka sommusikar

Pamela Badjogo (fødd 3. desember 1982 er ein gabonsk jazzsongar og tidlegare medlem av supergruppa Les Amazones d'Afrique.

Badjogo var fødd i Libreville. Under oppveksten song ho i eit kyrkjekor. I 2005 flytta ho til Bamako i Mali for å studera biologi. Ho byrja å synga og spela inn låtar, og i 2007 nådde ho finalen i musikkshowet Casa Sanga på TV-kanalen Africable, som blir sendt i store delar av det fransktalande Afrika. Det fyrste albumet hennar, Mes Couleurs, kom uti 2015.[1]

Badjongo song ved avslutningsseremonien for den afrikanske meisterskapen i fotball for herrar i Liberville 2017. Ho er busett i Lyon i Frankrike.

Musikkstilen hennar er ei blanding av afropop, blues og jazz[2] som ho syng på fransk og bantuspråk.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2015 Kanou 
  • 2020 Kaba 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Pamela Badjogo L’indignée» (på fransk). Henta 15. oktober 2021. 
  2. «Pamela Badjogo» (på fransk). Henta 15. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pamela Badjogo