Pandya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
பாண்டியர்
Pandyariket
300-talet f.Kr.1600 Flag of Vijayanagara Empire.png
 
Blank.png

Flagget til Pandya

Flagg

Plasseringa til Pandya
Territorium under Pandya-riket på 1200-talet, under Sadayavarman Sundara Pandyan I.
Hovudstad Korkai
Madurai
Tenkasi
Språk Tamil
Religion Djainisme, hinduisme, buddhisme.
Styreform Monarki
Historisk periode Jernalderen
 - Oppretta 300-talet f.Kr.
 - Opphøyrde 1600

Pandyariket (tamil பாண்டியர், pandiya) var eit tamilsk rike sør i noverande India og Sri Lanka som fanst frå minst 300-talet f.Kr. til første halvdelen av 1500-talet. Riket hadde omfattande handel og kontakt med andre område, både med rike rundt Bengalbukta og med det gamle Hellas og Romarriket.

Pandyariket byrja heilt i sør på det indiske subkontinentet, og den første hovudstaden var hamnebyen Korkai. Etterkvart som riket breidde seg nordover - til dagens Andhra Pradesh - blei hovudstaden flytta lengre inn i landet, til Madurai. Her bygde dei mellom anna det storslåtte Minakshi Amman-tempelet.

Riket tapte ei tid makt til Tsjera-, Tsjola- og Pallavarika. Det voks på ny på 1100-talet, og hadde stor makt fram til 1300-talet, under «dei fem pandyaene». Etter dette gjekk riket gjekk tilbake på grunn av indre konfliktar og ytre press, som invasjonar frå det muslimske Delhisultanatet. Ved midten av 1500-talet hadde Pandyariket tapt alle territoria sine.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Pandya-dynastiet rekna seg som etterkomarar av Pandu, far til Pandava-brørne i det indiske storverket Mahabharata. Pandya-herskarane var opphavleg djainar, men blei etterkvart sjaivittar, eller Sjiva-dyrkarar. Dei er mykje omtalt i tamilsk dikting frå Sangam-tida, og fleire pandyakongar skal sjølv ha vore diktarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med India og Sri Lanka å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.