Tsjola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
சோழர்
Tsjolariket
300-talet f.Kr.1279 Twin fish flag of Pandyas.svg

Flagget til Tsjola

Flagg

Plasseringa til Tsjola
Hovudstad Poompuhar, Urayur, Tiruvarur

Pazhaiyaarai, Thanjavur


Gangaikonda Cholapuram

Språk Tamil
Religion Hinduisme, buddhisme.
Styreform Monarki
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 300-talet f.Kr.
 - Opphøyrde 1279

Tsjola var eit tamilsk rike som herska over sørlege delar av India og Sri Lanka og på sitt største påverka eit stort område i Søraust-Asia. Riket blei skipa rundt 300-talet f.Kr. Tsjolariket hadde stordomstida si frå siste halvdel av 800-talet til byrjinga av 1200-talet. Det forsvann seinare på 1200-talet, då det blei nedkjempa av Pandyariket.

Riket hadde utspring i den fruktbare elvedalen ved Kaveri. Karikala Tsjola var den best kjende av dei tidlege tsjolakongane, mens Radjaradja Tsjola, Radjendra Tsjola og Kulothunga Tsjola I var viktige seinare herskarar.

Tjsola-veggmåleri ved Brihadisjvara-tempelet i Thanjavur.

Riket var på høgden av makta si på 900- og 1000-talet. Under Radjaradja Tsjola I, med tilnamnet «den store», og sonen hans Radjendra Tsjola toppa riket seg som ei militær, økonomisk og kulturell makt i Asia. Tsjolaterritoria strekte seg frå Maldivane og Sri Lanka i sør, og så langt nord som til breiddene av Ganges i Bengal. Riket blei ei stor sjømakt som også erobra land ved Malabarkysten, Peguriket i dagens Burma og delar av Srividjaya i Indonesia og Malaysia. Elles hadde riket handelssamband og innverknad rundt store delar av Bengalbukta.

Under Tsjolariket nådde tamilsk kultur eit høgdepunkt innan kunst, musikk og litteratur. Tsjolaherskarane fortsette utviklinga som hadde byrja under Pallavariket. Dei bygde majestetiske tempel og støtta utviklinga av fin skulptur i stein og bronse. Til forskjell frå Pandya og Pallavaherskarar lét dei seg ikkje lokka av buddhisme eller djainisme, men heldt seg til hinduismen. Radjaradja Tsjola reiste eit storslått Sjiva-tempel, Brihadisjvara-tempelet i Thanjavur, som både var det høgaste indiske tempelet reist til då og som er rekna som eit høgdepunkt innan sørindisk byggekunst. Dette tempelet, Gangaikondacholisvaram- og Airavatesvara-tempelet ved Darasuram er alle verdsarvstader som framleis er i bruk som levande tempel.[1]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ei tidleg sølvmynt som viser Uttama Tsjola, funnen på Sri Lanka, visar tigeremblemet til tsjolaene.[2]

Det finst få autentiske skriftlege kjelder om tidleg tsjolahistorie. Moderne historikarar har fått mykje kunnskap om emnet frå ulike kjelder, som den gamle tamilsk sangamlitteraturen, munnlege overleveringar, religiøse tekstar og innskrifter i tempel og på koparplater. Den viktigaste kjelda om tidleg tsjolatid er den eldste tamilske litteraturen frå sangamtida frå rundt år 150.[3] Det finst også korte omtalar av Tsjolalandet med byar, hamner og handel i Periplus Maris Erythraei, eit verk av ein anonym kjøpman frå Alexandria skriven under Domitianus si herskartid (81–96 e.Kr.).[4] Rundt femti år seinare gav geografen Ptolemaios ei vidare skildring av Tsjolalandet, hamne- og innlandsbyane. Den buddhistiske teksten Mahavamsa fortel om ei rekkje konfliktar mellom innbyggjarar på Sri Lanka og tamilske invandrarar.[5] Tsjola er omtalte i innskrifter på Asjoka-søylene (utført 273-232 f.Kr.), der dei er omtalte blant dei kongarika som, sjølv om dei ikkje var underkasta Asjoka, var vennlegsinna mot han[6]

Det finst ingen utvitydige opplysingar om opphavet til ordet Tsjola.[7] Omtalar i tidleg sangamlitteratur. Parimelalagar, som skreiv en kommentar til det Tirukkural, nemner at det kunne vera eit namn på ein gammal klan. Den vanlegaste oppfattinga er at dette, som Tsjera og Pandya, er namnet på herskarfamilien eller klanen av urgammalt opphav.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Great Living Chola Temples». UNESCO. http://whc.unesco.org/en/list/250. Henta 2008-06-03. 
  2. Ikkje ein einaste av dei mange referensane som finst i gammal tamilsk litteratur fortel noko om opphavet til tsjolaene. Telugutsjolaene, som hevda at dei stamma frå tidlege tsjolaer, tok i bruk løvevåpenet.
  3. Sangamperioden er tidfesta gjennom å samhalda bevisa for utanrikshandel som er funnen i dikt og skrifter av antikke grekarar og romarar som Periplus. Sjå Nilakanta Sastri, K.A., History of South India, s. 106
  4. Sjå Periplus på engelsk.
  5. Etekst av Mahavamsa, lakdiva.org
  6. Asjokainnskriftene omtalar Tsjola i fleirtal, noko som tyder på at det på hans tid fanst meir enn eitt tsjolarik. Nilakanta Sastri, K.A. The CōĻas, 1935 pp 20
  7. tamil ['ʧuʒə]. Namnet «Tsjola» inneheld bokstaven 'ழ', som er unik for tamil.
  8. Tirukkural, dikt 955 (வழங்குவ துள்வீழ்ந்தக் கண்ணும் பழங்குடி/பண்பில் தலைப்பிரிதல் இன்று. Kommentatoren Parimelazhagar skriv: «The charity of people with ancient lineage (such as the Cholas, the Pandyas och the Cheras) are forever generous in spite of their reduced means».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.