Pannerdens Kanaal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rhinen kryssar Pannerdens Kanaal

Pannerdens Kanaal er ein kanal i Nederland som vart grave ut mellom 1701 og 1709 gjennom ein stor og grunn sving i elva Rhinen. Dette vart gjort for å betre både elvetrafikken og vassreguleringa.

Kanalen som ikkje lenger kan skiljast frå den «verkelege» elva forgreinar seg nordover frå elva Waal eit par kilometer etter staden der Bijlands Kanaal, ein liknande kanal som vart grave ut i ein sving i Waal, endar. Han renn forbi byane Pannerden (på høgre sida), som har gjeve namn til kanalen, og Angeren (på venstre side) og så nordover til punktet der den gamle svingen i Rhinen renn tilbake i kanalen og elva held fram mot Nordsjøen som Nederrijn (Nedre Rhinen). Den gamle svingen i Rhinen eksisterer framleis og vert kalla Oude Rijn (Gamle Rhinen).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]