Paolo Nutini
Paolo Nutini | |||
| |||
Fødd | 9. januar 1987 (37 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paisley | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 2005– | ||
Sjanger | pop, blues, rock | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | Atlantic Records | ||
Verka som | songar-låtskrivar, songar, gitarist, musikar |
Paolo Giovanni Nutini (fødd 9. januar 1987) er ein skotsk songar og låtskrivar.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Nutini er fødd i Paisley i Skottland. Far hans, Alfredo, er skotsk-italiensk med opphav frå Toscana, medan mora Linda er skotsk.[1][2] Nutini har ei yngre syster.
Oldefaren til Nutini etablerte seg i Paisley i Skottland med eit fish and chips-utsal, som foreldra til Nutini seinare tok over. Ein hadde venta av Nutini seinare skulle ta over familieverksemda.[3]
I barndommen var Nutini med på PACE Youth Theatre.[4] Som ung ønskte han å bli fotballspelar, men bestefaren hans, Giovanni, tente interessa for musikk då han introduserte han for mellom anna skotske folkesongar. Nutini forlet skulen for å arbeida som roadie og selja t-skjorter for det skotske bandet Speedway. I løpet av tre å lærte han musikkbransjen å kjenna, og opptredde ulike stader. Han blei studioarbeidar i Glasgow's Park Lane Studio, og byrja her å laga demosongar som han skreiv med Jim Duguid og trommeslagaren i Speedway.
Då han var 17 flytta han til London der han opptredde jamleg på ulike pubar og klubbar. Nutini si stemme og evne til å skriva songar blei raskt lagt merke til, og ikkje lenge etter 18-årsdagen sin skreiv han kontrakt med plateselskapet Atlantic Records.[5]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]These Streets (2005–2007)
[endre | endre wikiteksten]Nutini gav ut sin fyrste single These Streets som ei gratis nedlasting i mai 2006. Den neste singelen Last Request kom ut 4. juli 2006 og nådde femteplassen på UK Singles Chart. Den tredje singelen hans, Jenny Don't Be Hasty, kom ut 25. september 2006 og nådde tjuandeplassen på singellista. Rewind var den fjerde singelen til Nutini. Han kom ut 4. desember 2006, og nådde 27. plass på UK Singles Chart.
Debutalbumet These Streets, produsert av Ken Nelson (som også hadde arbeidd med Coldplay og Gomez), kom ut 17. juli 2006. Det gjekk straks inn på den britiske albumlista på tredjeplassen.
Gjennom heile 2006 hadde Nutini fleire utselde konsertar i Storbritannia og opptredde fleire stader i verda, som King Tut's Wah Wah Hut i Glasgow, på fjernsyn i Later with Jools Holland, i Carnegie Hall i New York, ved Montreux jazzfestival, Wireless Festival, Oxegen og T in the Park. Han varma opp for The Rolling Stones i Wien, og blei beden om å opptre med dei igjen på Don Valley Stadium i august 2006. I mai 2006 spelte Nutini på BBC Radio 1 sin Big Weekend i Dundee.
I juni 2007 opptredde Nutini ved Glastonbury Festival på den kjende Pyramid Stage på den andre dagen av festivalen.
Sunny Side Up (2009–2011)
[endre | endre wikiteksten]1. juni 2009 gav Nutini ut det andre studioalbumet sitt, Sunny Side Up. Det gjekk inn på fyrsteplassen på albumlista. Den fyrste singelen frå albumet, Candy, blei gjeven ut 25. mai. Coming Up Easy blei gjeven ut som den andre singelen frå album den 10. august. Den tredje singelen frå albumet var Pencil Full of Lead.
Caustic Love (2013–2016)
[endre | endre wikiteksten]Nutini sitt tredje album Caustic Love kom ut 14. april 2014. Den fyrste singelen frå det, Scream (Funk My Life Up) kom ut 27. januar. The Independent skildra albumet som «an unqualified success: Caustic Love may be the best UK R&B album since the 1970s blue-eyed-soul heyday of Rod Stewart and Joe Cocker».[6] Apple valde det ut som Best Album i iTunes sitt 'Best of 2014'.[7] Etter utgjevinga la Nutini ut på ein 18 månader lang turne i Nord-Amerika, Europa, Sør-Afrika, Australia og New Zealand.[8]
Last Night in the Bittersweet (2022–present)
[endre | endre wikiteksten]Over åtte år etter utgjevinga av Caustic Love annonserte Nutini den 11. mai 2022 at det fjerde studioalbumet hans, Last Night in the Bittersweet, ville koma ut 1. juli 2022. I lag med kunngjeringa gav han ut to songar frå albumet, «Through the Echoes» og «Lose It».[9] 8. juli 2022 var han hovudartist ved TRNSMT-festivalen.[10]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- These Streets – 2007 (Atlantic)
- Sunny Side Up – 2009 (Atlantic)
- Caustic Love - 2014 (Atlantic)
- Last Night in the Bittersweet (2022)
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- «Last Request» – 2006
- «Jenny Don't Be Hasty» – 2006
- «Rewind» – 2006
- «New Shoes» – 2007
- «Scream (Funk My Life Up)» - 2014
- «Better Man» - 2014
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ McIver, Brian (1 August 2006). «EXCLUSIVE: PAOLO 'MY FAMILY HOME IS THE MOST AMAZING PLACE IN THE WORLD'». dailyrecord. Henta 17 September 2019.
- ↑ Holmes, Jeff (24 March 2014). «Paolo Nutini's dad tells why he'd love his son to inherit family chippie but admits it's unlikely to happen». dailyrecord.
- ↑ McNair, James (6 June 2014). «Paolo Nutini interview: There's a guy works down the chip shop...». Independent.co.uk (på engelsk). Henta 29 September 2016.
- ↑ «Former Members». PACE (på engelsk). 1 June 2013. Henta 16 January 2020.
- ↑ Paolo Nutinis nettside
- ↑ Album reviews: Paolo Nutini, Kelis, The Afghan Whigs, Rodney Crowell, Mayra Andrade, Smoke Fairies, The Independent, 11 April 2014
- ↑ «iTunes Jazz Album of the Year 2014 for Matthew Halsall & The Gondwana Orchestra». Gondwana Records. Henta 12 January 2015.
- ↑ «Paolo Nutini: Past Shows». Paolo Nutini. Arkivert frå originalen 16 November 2018. Henta 8 October 2016.
- ↑ Moore, Sam (12 May 2022). «Paolo Nutini announces new album 'Last Night In The Bittersweet' and shares two new songs». NME. Henta 18 May 2022.
- ↑ «Paolo Nutini closes the show on first day of TRNSMT». BBC News (på engelsk). 8. juli 2022. Henta 9. juli 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Paolo Nutini» frå Wikipedia på bokmål, og «Paolo Nutini» frå Wikipedia på engelsk den 22. mars 2023.