Rod Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rod Stewart

Stewart i Oslo i november 1976
Fødd10. januar 1945 (79 år)
FødestadHighgate i London i England
FødenamnRoderick David Stewart
Alias«Rod the Mod»
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1961
Sjanger
InstrumentVokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somSongar-låtkrivar, musikar, produsent
Gift medAlana Stewart, Rachel Hunter, Penny Lancaster
Sambuar medKelly Emberg
BornKimberly Stewart, Sean Stewart, Renee Stewart, Liam Stewart, Ruby Stewart
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Knight Bachelor, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Sir Roderick David Stewart (fødd 10. januar 1945)[1] er ein britisk rockesongar og låtskrivar. Han var fødd og voks opp i London, men er av skotsk og engelsk opphav. Stewart er ein av dei bestseljande artistane gjennom tidene og har selt over 100 millionar verda over.[2] Han hadde seks album på rad på toppen av UK Album Chart i Storbritannia og 62 britiske hitsinglar inkludert 31 på topp ti, seks av dei på toppen av lista.[3] Stewart har hatt 16 topp 10-singlar i USA, der fire av dei nådde toppen av Billboard Hot 100. Han vart slått til riddar i 2016 for tenestene sine i musikk og veldedige føremål.[4]

Med si særeigne, hese røyst, har Stewart vore i rampelyset sidan seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra med The Jeff Beck Group og så med Faces, men starta karrieren sin så tidleg som i 1962, då han spelte som gatesongar med munnspel. I oktober 1963 vart han med i The Dimensions som munnspelspelar og deltidsvokalist. I 1964 vart Stewart med Long John Baldry og All Stars, og i august det året fekk han kontrakt som soloartist, og gav ut den første singelen sin, «Good Morning Little Schoolgirl». Han har opprettheldt ein solokarriere samstundes med gruppekarrieren, og gav ut det første soloalbumet sitt i 1969, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down. Dei tidlege albuma til Stewart var ei blanding av rock, folkemusikk, soul og R&B.[5][6]

Frå seint i 1970- og gjennom 1990-åra vart musikken til Stewart ofte innan new wave eller softrock/middle-of-the-road og tidleg i 2000åra gav han ut ei rekkje suksessrike album der han tolka Great American Songbook. I 1994 heldt Stewart ein av dei største gratiskonsertane i historia, då han spelte føre 3,5 millionar menneske i Rio de Janeiro.[7] I 2008 rangerte magasinet Billboard han som den 17. mest suskessrike artisten på Billboard Hot 100-lista.[8] Han vart kåra til den 33. beste songaren i magasinet Q,[9] og 59. plass på lista til Rolling Stone.[10] Som soloartist er han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1994, UK Music Hall of Fame i 2006 og igjen i Rock and Roll Hall of Fame i 2012 som medlem av Faces.[11][12]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Stewart byrja karrieren sin i London tidleg i 1960-åra som vokalist i band som Long John Baldry, Steampacket og Shotgun Express. Det var derimot først i 1968, då han vart ein del av bandet til Jeff Beck, at han byrja å nærme seg stjernehimmelen for alvor. Saman med The Jeff Beck Group var han med på å gje ut album som Truth og Beck-Ola, som begge vert rekna som milepålar i rockesoga. Særskild vert det første av mange rekna som forløparen til heavy metal.

Etter utgjevinga av Beck-Ola i 1969, valde derimot Stewart og den gode venen hans Ron Wood å trekkje seg frå gruppa til Jeff Beck og i staden for starte eit nytt band saman med dei resterande medlemmane av 60-talsbandet The Small Faces. Bandet fekk namnet The Faces, og bestod i tillegg til Stewart og Wood av Ronnie Lanebass, Ian McLaganklaverinstrument og Kenny Jonestrommer.

Samtidig byrja solokarrieren til Stewart så smått å kome i gang. I 1969 gav han ut sitt debutalbum, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down (med tittelen The Rod Stewart Album i USA). Albumet vert kanskje hugsa best for tolkina hans av Mike d'Abo sin «Handbags and Gladrags».

I denne perioden kom albuma på rekkje og rad, både i form av solo- og bandutgjevingar. I 1970 gav The Faces ut debutalbumet sitt, First Step, før Stewart så gav ut det andre soloalbumet sitt, Gasoline Alley, seinare same år. Begge albuma vart derimot overskugga av det neste soloalbumet hans, Every Picture Tells a Story. «Maggie May», som opphavleg var B-sida av singelen «Reason to Believe», vart ein stor hit både i Storbritannia og USA, noko som òg førte til at albumet nådde toppen av hitlistene. Every Picture Tells a Story vert i dag rekna som det beste albumet til Stewart, og har òg blitt kåra til eitt av dei beste rockealbuma gjennom tidene. På lista til Rolling Stone over dei 500 beste album gjennom tidene, kom det på 172. plassen. Albumet vert rekna som ein klassikar av musikkavisa Panorama.

Nokre få månader tidlegare same året kom det andre albumet til The Faces, Long Player. Albumet vart ein større suksess enn debutalbumet til gruppa, men mottakinga kan likevel ikkje samanlikna med den dei fekk med sitt neste album, A Nod is as Good as a Wink... to a Blind Horse, som kom ut alt i slutten av 1971. Gruppa reid då på ei medgangsbølgje etter utgjevinga av Stewart sitt Every Picture Tells a Story, og The Faces-albumet nådde såleis topp 10-listene i Storbritannia så vel som i USA. I tillegg fekk gruppa sin første og einaste topp 40-hit i USA med «Stay with Me».

Suksessen vart følgd opp av eit nytt soloalbum året etter. Då det utgjorde det niande albumet hans på berre fire år, var tittelen Never a Dull Moment openbert på sin plass. Albumet følgde opp i same stil som det føregåande soloalbumet, og vart òg ein stor kommersiell suksess med førsteplassen på hitlistene i Storbritannia og andreplass i USA. Singelen «You Wear It Well» vart òg ein hit, spesielt i Storbritannia, der han nådde andreplassen på hitlistene.

Dei neste åra gjekk det lengre tid mellom albuma. I 1973 gav The Faces ut Ooh La La, som nådde førsteplass på albumlista i Storbritannia. Det skulle likevel vise seg å bli det siste albumet til gruppa. Etter avslutningsturneen i 1974 vart bandet oppløyst som ei følgje av at Stewart ville satse på solokarrieren, medan Ron Wood tok over Mick Taylor sin plass i The Rolling Stones.

Fokus på solokarrieren[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1974 gav Stewart ut albumet Smiler, som sjølv om det nådde førsteplass på hitlistene i Storbritannia, reknast som det svakaste albumet hans på 1970-talet. Med oppfølgjaren gjekk det derimot mykje betre. Atlantic Crossing, som kom ut året etter, vart ein stor suksess, og inneheldt òg balladen «Sailing», som fortsett er ein av dei mest kjende songane til Stewart. Singelen nådde rett nok ikkje høgt opp på hitlistene i USA – der Stewart no budde – men han vart ein enorm hit i Storbritannia. Han fall òg i smak hos mange nordmenn, og låg på toppen av VG-lista i heile 15 veker. Albumet selde òg særs godt i Noreg, og heldt seg inne på VG-lista i heile 35 veker, med fire veker heilt på toppen.

Det neste albumet til Stewart fekk òg ei god mottaking. A Night on the Town kom ut i 1976 og vart ein stor salssuksess. I USA vart dette det første albumet hans som selde til platinaplate, medan det i Norge førte han til toppen av VG-lista for andre og siste gang. Singelen «Tonight's the Night» ble en hit i flere land, og også «The First Cut is the Deepest» og «The Killing of Georgie» gjorde det forholdsvis godt på hitlistene.

Med utgjevinga av Foot Loose and Fancy Free i 1977 og Blondes Have More Fun året etter, fortsette Stewart den gode trenden. Begge vart særs godt mottekne. Frå det førstnemnde albumet kom «You're in My Heart» høgt opp på hitlistene, medan òg «Hot Legs» og «I Was Only Joking» fekk forholdsvis god mottaking. Ingen av desse overgjekk derimot «Da Ya Think I'm Sexy?» frå Blondes Have More Fun, som vart ein enorm kommersiell suksess og nådde førsteplassen på hitlistene i både Storbritannia og USA. Singelen selde godt òg i Norge, men Bee Gees gjorde med sin store hit «Too Much Heaven» at han aldri nådde høgare enn andreplassen på VG-lista.

Trass i at karrieren til Stewart i denne perioden var på sitt beste kommersielt, fekk han likevel ein del kritikk på slutten av 1970-talet. Kritikarane hevda at han hadde gått bort frå den opphavlege stilen sin for å selje meir plater. «Da Ya Think I'm Sexy», som var sterkt inspirert av discomusikk, stod sentralt i debatten, då mange rekna denne som sjølve manifesteringa av den musikalske utviklinga til Stewart. Andre samanlikna låten med The Rolling Stones sin «Miss You» som kmo ut same året, og meinte at det var naturleg å la seg påverka av strøymingane i musikken i perioden.

Ny tid[endre | endre wikiteksten]

1980-åra vart ein nedtur samanlikna med tiåret før. Fra 1982 til 1988 hadde han berre tre singlar som nådde topp 10 på hitlistene. Likevel hadde Stewart ein del suksess òg i denne perioden. Tonight I'm Yours selde til platinaplate i USA, og både tittellåten og «Young Turks» vart store hittar. «Baby Jane» vart i 1983 hans sjette og siste singel som kom på førsteplass på dei britiske hitlistene, medan albumet Camouflage selde til gullplate. Òg coverversjonen av The Impressions-songen «People Get Ready» i 1985, der Stewart igjen samarbeidde med Jeff Beck, vart ein suksess, saman med balladen «Every Beat of My Heart» året etter.

I 1988 gav han ut albumet Out of Order, der både «Forever Young» og «Lost in You» kom høgt opp på dei amerikanske hitlistene. I byrjinga av 1989 la han ut på turné i Sør-Amerika, der han spelte for fulle hus over heile kontinentet. På El Monumental stadion i Buenos Aires vert det hevda å ha vore meir enn 90 000 menneske innafor portane.[treng kjelde]

1990-åra byrja bra for Rod Stewart. I 1990 nådde han andreplassen på dei amerikanske hitlistene med ein coverversjon av Tom Waits sin «Downtown Train», før han så gjekk heilt til topps på lista tre år seinare då han saman med Sting og Bryan Adams spelte inn «All For Love» i samband med filmen De tre musketerer. Året etter, i 1994, fekk han æra av å bli innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Bilett til ein Rod Stewart-konsert, 1993

Etter dette gjekk det derimot nedover. Ingen av albuma hans på resten av 90-talet gjorde det særskild godt. I 2001 kom derimot samlinga The Story So Far: The Very Best of Rod Stewart, som vart ein stor suksess. Albumet nådde topp 10 på dei britiske hitlistene og toppa lista i enkelte land, som Frankrike og Belgia.

Etter tusenårsskiftet har Stewart konsentrert seg om å lage album med amerikanske songar frå 1930- og 1940-talet, noko han har hatt stor suksess med. Det førte kom ut seint i 2002, medan det fjerde og foreløpig siste kom i 2010. Alle albuma selde godt, særskild i USA. Stardust... The Great American Songbook, Vol. III nådde toppen av albumlista i USA som det første Stewart-albumet sidan Blondes Have More Fun i 1979, i tillegg til at han van den første Grammyprien for albumet. Ingen av dei fire albuma har hatt dårlegare enn fjerdeplass som høgaste plassering.

I 2012 vart Stewart for andre gongen vald inn i Rock and Roll Hall of Fame, denne gongen som medlem av Faces.

Time, kom ut i mai 2013, og var det første albumet sidan Vagabond Heart frå 1991 der vokalisten sjølv har skrive både tekst og musikk på dei fleste songane. Albumet selde godt.

Stewart vart i 2016 utnemnd til Knight Bachelor.[13] Han vart med det opphøgd til ridderstanden og fekk rett til å føre tiltaleforma sir føre namnet sitt.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Med The Jeff Beck Group[endre | endre wikiteksten]

Med The Faces[endre | endre wikiteksten]

Som soloartist[endre | endre wikiteksten]

Samleplater[endre | endre wikiteksten]

  • Sing It Again, Rod (1973)
  • The Vintage Years 69 – 70 (1976)
  • Best of Rod Stewart (1976)
  • Best of Rod Stewart, Volume II (1977)
  • Rod Stewart Greatest Hits Vol. 1(1979)
  • Hot Rods (1980)
  • The Best of Rod Stewart (1989)
  • The Rock Album (1989)
  • The Ballad Album (1989)
  • Storyteller – The Complete Anthology: 1964-1990 (1990)
  • Downtown Train – Selections From Storyteller (1990)
  • Handbags & Gladrags (1995)
  • The Very Best of Rod Stewart (2001)
  • The Story So Far: Very Best of Rod Stewart (2001)
  • Encore: The Very Best Of 2 (2003)
  • The Best Of... The Great American Songbook (2011)

Konsertar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Walsh, John (23. oktober 2011). «The Saturday Profile: Rod Stewart, Rock Star: Do ya still think I'm sexy?». The Independent (London, UK). Henta 27. mai 2018. 
  2. «Stewart show backed by public cash». BBC News. 11. april 2002. Arkivert frå originalen 6. april 2003. Henta 27. mai 2018. 
  3. «UK Top 40 Hit Database (Rod Stewart)». Everyhit.com. Arkivert frå originalen 12. oktober 2008. Henta 27. mai 2018. 
  4. «No. 61608». The London Gazette (Supplement): B2. 11. juni 2016. 
  5. Eder, Bruce. «Truth: Review». AllMusic. Henta 27. mai 2018. 
  6. Erlewine, Stephen Thomas. «Faces: Biography». AllMusic. Henta 27. mai 2018. 
  7. «BBC World Service – Witness, The Biggest Rock Concert Ever». BBC. Henta 27. mai 2018. 
  8. «Billboard Hot 100 Chart 50th Anniversary». Billboard. Arkivert frå originalen 29. september 2010. Henta 1. oktober 2010. 
  9. «The Music That Changed The World Q Magazine – 3 Special Editions Jan, Feb, March 2004». Rocklistmusic.co.uk. Henta 27. mai 2018. 
  10. «100 Greatest Singers of All Time: Rod Stewart». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 23. november 2017. Henta 27. mai 2018. 
  11. «Rod Stewart: Inducted in 1994 – The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. Henta 27. mai 2018. 
  12. «Rod Stewart: 'I'll Definitely Make Myself Available' for a Faces Reunion». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. september 2015. Henta 27. mai 2018. 
  13. Queen's Birthday Honours 2016 – High Awards, Gov.uk. Lest 11. juni 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]