Paradise Harbor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 64°51′S 62°54′W
Paradise Harbor
bukt
none  «National Geographic Endeavour» går gjennom Paradise Harbor i februar 2001.
«National Geographic Endeavour» går gjennom Paradise Harbor i februar 2001.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Graham Land
 - koordinatar 64°51′S 62°54′W
Administrert under Antarktistraktaten
Paradise Harbor is located in Antarktis
Paradise Harbor (Antarktis)

Paradise Harbor, også kalla Paradise Bay, er ei brei vik bak Lemaire og Bryde Island, på vestkysten av Graham Land mellom Duthiers og Leniz Point. Namnet vart nytta av kvalfangarar som opererte i nærleiken og var i bruk i 1920. No vert Paradise Harbor saman med Neko Harbour ofte nytta som stoppestader for cruiseskip i området. Det var her to hurtigruteskip møtte kvarandre på den sørlege halvkula for første gong, då MS «Nordnorge» og MS «Nordkapp» begge kom til Paradise Harbor den 5. desember 2005.[1]

Den argentinske forskingsbasen Almirante Brown-basen den chilenske González Videla-basen ligg ved kysten av Paradise Harbor. Ein minnestein etter Jostein Helgestad, som omkom på den tredje sørpolsekspedisjonen til Monica Kristensen Solås i 1993, er reist nær den argentinske stasjonen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Historisk møte i Antarktis. Avisa Nordland
  2. Jeff Rubin (2005) Antarctica, s. 223 – Lonely Planet. ISBN 1741045495.

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Paradise Harbor» (innhald frå Geographic Names Information System).