Parimarjan Negi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Parimarjan Negi
ParimarjanNegi.jpg
Fødd 9. februar 1993
New Delhi
Yrke sjakkspelar
Parimarjan Negi på Commons
Parimarjan Negi

Parimarjan Negi (fødd 9. februar 1993) er eit sjakk-vidunderbarn frå India. Den 1. juli 2006, i ein alder av 13 år, 4 månader og 22 dagar klarte han å kvalifisere seg til tittelen Stormeister i sjakk. Han vart med dette den nest yngste som nokon gong har klart krava til å bli stormeister.

Parimarjan Negi er berre slått av Sergej Karjakin, Ukraina, som klarte å bli stormeister då han var 12 år og 7 månader gammal. Og Negi kom med dette framom Magnus Carlsen, Noreg, som klarte å bli stormeister då han var 13 år 4 månader og 27 dagar gammal.

Allereie i juli 2005, i ein alder av 12 år, klarte Negi å kvalifisere seg til tittelen Internasjonal meister i sjakk ved å ta sitt tredje napp i tittelen i ei opa internasjonal sjakkturnering i Sort, Spania.

Stormeister-tittelen kvalifiserte han seg for ved mellom anna ein 16-plass i Hastings Chess Congress avslutta den 6. januar 2006, med 6 poeng på 10 rundar og ein ratingprestasjon på 2568. Dette var det andre stormeister-nappet av dei tre naudsynte. Det tredje nappet kom i sjakkturneringa Tsjeljabinsk oblast Superfinale-meisterskap i Satka i Russland, der han avslutta med ein remis i siste runde mot trenaren sin, stormeister Ruslan Sjerbakov, noko som var nok til å klare kravet, 6 poeng på 9 rundar i den turneringa.

Negi sin FIDE-rating var i januar 2009 på 2600.[1]

Parimarjan Negi var elev ved Amity International School i India, og vann fleire turneringar der. Seinare byrja han studere i USA og trekte seg frå profesjonell sjakkspeling.[2]

Turneringssigrar[endre | endre wikiteksten]

Negi vann den sterke turneringa Philadelphia International Open Tournament i juni 2008 med 7 poeng på 9 rundar, utan tap.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. chessbase.com
  2. «India bank on Harikrishna in World Team Chess Championship», The Times of India (Apr 18, 2015)
  3. «Negi wins title», The Telegraph (July 2 , 2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]