Hopp til innhald

Sjakk-vedunderbarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Karjakin vart stormeister i sjakk 12 år og sju månader gamal i 2002

Sjakk-vedunderbarn er barn som spelar sjakk så bra at dei er i stand til å slå meisterspelarar og også stormeistrar i sjakk, ofte i svært ung alder. Sjakk er ein av dei få sportsgreinene der barn kan konkurrere med vaksne på same vilkår, det er på såleis eit av dei få områda der det finst verkelege vedunderbarn. Det kan knyte seg store forventningar til sjakk-vedunderbarn, og somme har også blitt verdsmeistrar i sjakk, medan andre ikkje har hatt same framgangen som vaksne.

Tidlege sjakk-vedunderbarn

[endre | endre wikiteksten]

Tidlege sjakk-vedunderbarn var Paul Morphy (1837–1884) og José Raúl Capablanca (1888–1942). Begge vann tvikampar mot sterke vaksne motstandarar då dei var 12 år. Samuel Reshevsky (1911–1992) gav simultan-oppvisningar då han var seks år.[1] Morphy var å rekne som uoffisiell verdsmeister rundt 1860 - offisielle verdsmeistrar reknar ein med frå 1886. Capablanca vart verdsmeister, og sjølv om Reshevsky aldri vart verdsmeister, så var han ein av toppspelarane i verda i mange år.

Liste over yngste stormeistrar

[endre | endre wikiteksten]

Ein målestokk for sjakk-vedunderbarn er kva alder dei oppnådde tittelen Stormeister i sjakk. Her bør det takast eit visst omsyn til at denne tittelen berre har eksistert sidan 1950; og også at det har blitt noko enklare å oppnå tittelen i dei seinare åra - det har særleg blitt mange fleire høve til å delta i sterke turneringar og dermed kvalifisere seg for tittelen. Det har dermed blitt lettare å klare krava, sjølv om nivået på prestasjonen neppe har blitt vesentleg mindre.

Uansett, det har blitt fleire sterke sjakk-vedunderbarn dei siste åra. Dette kan skuldast teknologisk framgang, der datamaskiner med sjakkprogram gjer det mogleg å lære og trene raskare, og det har også blitt mogleg å spele mot sterke motstandarar på internett.

Rekordhaldarane

[endre | endre wikiteksten]

Lista under viser dei spelarane som har halde rekorden som yngste stormeister. Alderen oppgitt i lista er alderen då dei kvalifiserte seg for tittelen. Dette er ikkje den alderen dei offisielt vart Stormeister. Dette fordi Verdssjakkforbundet FIDE berre delar ut denne tittelen på sine offisielle møte, som er berre nokre få gongar i året. Spelarane er ført opp med nasjonaliteten dei hadde då dei oppnådde tittelen, ikkje deira seinare eller noverande nasjonalitet.

ÅrSpelarNasjonAlder
1950David BronsteinDet sovjetiske flagget26 år
1952Tigran PetrosjanDet sovjetiske flagget23 år
1955Boris SpasskijDet sovjetiske flagget18 år
1958Bobby FischerUSA15 år, 6 månader, 1 dag
1991Judit PolgárUngarn15 år, 4 månader, 28 dagar
1994Péter LékóUngarn14 år, 4 månader, 22 dagar
1997Étienne BacrotFrankrike14 år, 2 månader, 0 dagar
1997Ruslan PonomariovUKraina14 år, 0 månader, 17 dagar
1999Bu XiangzhiKina13 år, 10 månader, 13 dagar
2002Sergej KarjakinUKraina12 år, 7 månader, 0 dagar

Dette er ei liste over dei spelarane som har klart krava til å bli stormeister før dei fylte 15 år:

SpelarNasjonAlder
Sergej KarjakinUKraina12 år, 7 månader, 0 dagar
Parimarjan NegiIndia13 år, 4 månader, 22 dagar
Magnus CarlsenNoreg13 år, 4 månader, 27 dagar
Bu XiangzhiKina13 år, 10 månader, 13 dagar
Richárd RapportUngarn13 år, 11 månader, 6 dagar[2][3]
Teimour RadjabovAzerbaijan14 år, 0 månader, 14 dagar
Ruslan PonomariovUKraina14 år, 0 månader, 17 dagar
Wesley SoDet filippinske flagget14 år, 1 månad, 28 dagar[4]
Étienne BacrotFrankrike14 år, 2 månader, 0 dagar
Maxime Vachier-LagraveFrankrike14 år, 4 månader[5]
Péter LékóUngarn14 år, 4 månader, 22 dagar
Hou YifanKina14 år, 6 månader, 16 dagar[6]
Anish Giri14 år, 7 månader, 2 dagar[7]
Jurij KuzubovUKraina14 år, 7 månader, 12 dagar[8]
Dariusz Swiercz14 år, 7 månader, 29 dagar
Nguyen Ngoc Truong SonFlagget til Vietnam14 år, 10 månader
Fabiano CaruanaItalia14 år, 11 månader, 10 dagar[9]
Ray RobsonUSA14 år, 11 månader, 16 dagar[10]

Dette er ei liste over dei yngste kvinnelege stormeistrane i sjakk. (Dette har ikkje noko å gjere med tittelen Kvinne-stormeister i sjakk (WGM), som er langt enklare å klare.)

ÅrSpelarNasjonAlder
1978Nona GaprindasjviliDet sovjetiske flagget27 år
1984Maia TsjiburdanidzeDet sovjetiske flagget23 år
1991Susan PolgarUngarn21 år
1991Judit PolgárUngarn15 år, 4 månader
2002Koneru HumpyIndia15 år 1 månad
2008Hou YifanKina14 år, 6 månader[11]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Chessbase: "Chess Prodigies and Mini-Grandmasters"
  2. Richard Rapport Becomes Hungary's Youngest Grandmaster, arkivert frå originalen 28. juli 2017, henta 1. april 2010
  3. Intervju med Richárd Rapport hos Chessbase, vitja 8. april 2010
  4. Hou Yifan – the youngest female grandmaster in history (Chessbase, December 8 2008) oppgir 14-6-2, men dette kan ikkje vere rett, for denne datoen, 29. august, var den første dagen i turneringa ho klarte det endelege kravet, Kvinne-verdsmeisterskapen i sjakk 2008. Ho klarte kravet ved slutten av turneringa, den 12. september 2008.
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. oktober 2009, henta 12. november 2009
  6. WWCC - Nalchik 2008 - and now there are just four!, FIDE nettside, 9. september 2008