Sergej Karjakin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Karjakin


Fødenamn Ukrainsk skrift Сергій Карякін; russisk Сергей Карякин
Statsborgarskap Ukraina, Russland
Fødd 12. januar 1990 (34 år)
Simferopol
Idrett sjakk
Tok del i

Kandidatturneringen 2018, Sjakk-OL 2004, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2016, Sjakkolympiaden 2018

Utmerkingar

3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden, fortjenstfull mester i Sport i Ukraina, æra meister av idrett i Russland, Mari Els fortjenstorden, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Sergej Karjakin (fødd 12. januar 1990) er ein sjakkspelar og eit sjakk-vedunderbarn frå Ukraina. Den 20. august 2002, i ei internasjonal sjakkturnering i Sudak, klarte han å fullføre krava til å bli stormeister i sjakk, som den yngste nokon sinne, i ein alder av 12 år 7 månader og 8 dagar. Denne rekorden står framleis.

Dei to som har vore nærast, er Parimarjan Negi frå India og Magnus Carlsen frå Noreg, som begge fullførte krava til stormeistertittelen i ein alder av 13 år og 4 månader og høvesvis 22 og 27 dagar.

Sergej Karjakin var ein av sekundantane til Ruslan Ponomariov då han spelte VM-kamp mot Vassilij Ivanchuk i 2002.

Sergej Karjakin har mange gode turneringsresultat. Han har vunne VM i aldersgruppa under 12 år, og fleire ungdomsmeisterskap i Ukraina. I den VM-kvalifiserande World Cup-turneringa i Khanty-Mansijsk i november-desember 2007 nådde han heilt til semifinalen, etter å ha slått ut fleire sterke motstandarar. I semifinalen måtte han likevel gje tapt mot Alexei Shirov frå Spania.

Sergej Karjakin har klatra jamnt oppover på verdsrankingen etter at han vart stormeister. I april 2005 var han inne på lista over dei 100 beste i verda, og pr 1. januar 2008 var han rangert som nr 14 i verda, med ein FIDE-rating på 2732. Han var dermed også rangert som nr 2 av juniorane i verda, nr 1 var då Magnus Carlsen, med ein rating på 2733.

I januar 2009 vann Karjakin Corus sjakkturnering, ei av dei viktigaste årlege turneringane med 8 poeng på 13 parti, mellom anna framom Magnus Carlsen.

Sergej Karjakin.

I 2009 flytta Karjakin til Moskva og vart russisk statsborgar.[1] På FIDE si ratingliste for 2010 representerer han Russland.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]