Parus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Parus


Gråkjøttmeis, Parus cinereus Foto: T. R. Shankar Raman
Gråkjøttmeis, Parus cinereus
Foto: T. R. Shankar Raman
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Paridae
Slekt: Parus
Vitskapleg namn
Parus

Parus er ei biologisk slekt av sporvefuglar og medlem av meisefamilien, Paridae. Den totale utbreiinga for slekta er Eurasia og litt inn i nordvestlege Afrika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Orientmeis, Parus monticolus
Foto: Francesco Veronesi
Kjøttmeis, Parus major
Foto: Frank Vassen

Dette er store meiser, ca. 13 centimeter i kroppslengd, vekt varierande rundt 16 gram. Det mest iaugefallande kjenneteikn med fjørdrakta er store kvite kinn omkrinsa av svart. Hovudet og strupen er svart. Dei har gul eller bleikgul, nokre nesten kvit underside med svart midtstripe langs bryst og buk, og mørk overside med grønt og blått. Underartar av kjøttmeis i Sentral-Asia (Kasakhstan, Afghanistan), og dei to artane i Asia er bleikare i farger enn kjøttmeis i Europa. Alle har eit kvitt vengband, unnataket er orientmeis som har eit ekstra og mindre kvitt vengeband fram mot skuldra.[1]

Parus-artane er skildra som standfuglar og streiffuglar utan regelmessige lange trekkruter.[2][1] Kjøttmeis er ein vanleg hekkefugl over det meste av Noreg, arten hekkar i alle fylke.[3]

Det har vore usemje om inndelinga av meisefamilien i slekter og om kva som er anerkjente artar og underartar. Per 2017 har EBird/Clements Checklist[4] lista fire artar i slekta. Handbook of the Birds of the World Alive reknar gråkjøttmeis og orientkjøttmeis som underartar av kjøttmeis.[2]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Gråkjøttmeis, Parus cinereus
Foto: T. R. Shankar Raman
Orientkjøttmeis, Parus minor
Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake

Parus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

  • Orientmeis, Parus monticolus, Green-backed Tit, Vigors, 1831, (LC)
Frå Pakistan langs sørkanten av Himalaya gjennom India, Nepal, Bhutan, Myanmar, Bangladesh til sentrale Kina. Dels i Laos, Vietnam og på Taiwan.[6]
  • Kjøttmeis, Parus major, Great Tit, Linné, 1758, (LC)
Europa, nordlege Marokko og Algeri, og Sentral-Asia til Mongolia, Nordvest-Kina og austlege Sibir.[7]
Vestlege Asia over Sør-Asia og inn i Søraust-Asia, Fra Afghanistan og Pakistan i vest og austover til Malaya og Sumatra, Java og Dei små Sundaøyane, Borneo[4]
Utbreiing aust i Russland, aust om elva Amur og inkludert Kurilane, dessutan Japan med Ryukyu, Koreahalvøya, Kina, Myanmar, Laos[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Gosler, A. & Clement, P. (2018). Green-backed Tit (Parus monticolus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. juni 2018
  2. 2,0 2,1 Gosler, A., Clement, P. & Christie, D.A. (2018). Great Tit (Parus major). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. juni 2018
  3. Søk på artsobservasjoner.no
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  6. BirdLife International (2018) Species factsheet: Parus monticolus. Henta frå http://www.birdlife.org den 3. juni 2018
  7. BirdLife International (2018) Species factsheet: Parus major. Henta frå http://www.birdlife.org den 3. juni 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Parus