Hopp til innhald

Patagoniasporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patagoniasporv
Patagoniasporv
Patagoniasporv
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av patagoniasporv
Utbreiinga av patagoniasporv
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Sicalis
Art: Patagoniasporv S. lebruni
Vitskapleg namn
Sicalis lebruni

Patagoniasporv (Sicalis lebruni) er ein sporvefugl i den biologiske slekta Sicalis i tanagarfamilien Thraupidae. Arten lever på patagoniasteppa.

Patagoniasporven er kjenneteikna av stort hovud, kort nebb og lange venger. Kroppslengda er 14 cm og fuglane veg rundt 25 gram. Hannfuglane har grønaktig til gul panne og augebryn, grått bakhovud og øyredekkfjører, ein lys augering, mest tydeleg bak og under auga, gult på kinn og strupe, og grå nakke og overside. Buken er gul med grå kantar på brystfjørene, grå sider og kvitaktig undergump.

Vengene er grå med lysande gult på skuldrene og eit gult felt på ytste overarmdekkfjørene. Stjerten er grå med gule kantar ved basen av ytste fjører. Auga er mørkebrune, nebbet mørkegrått og beina er matt rosa.

Hofuglane har meir gråbrun, mattare fjørdrakt. Det gule innslaget på vengene og undersida er mindre tydeleg. Ungfuglar liknar hofuglane, men har litt stripa bryst og sider, varmbrun rygg, lysebrune kantar på dekkfjørene, og gult på skuldrene.

Utbreiingsområdet er over økoregionen patagoniasteppa avgrensa til låglandet opp til 1200 moh., ikkje i Andesfjella. Området strekker seg mot nord over Valdes-halvøya og inn i Río Negro-provinsen, i sør inn på Storøya i Eldlandet, både på chilesk og argentinsk del. Habitatet i utbreiingsområdet er generelt tørt og vindfullt. Her lever dei av frø og små insekt.

Patagoniasporven grev hòler i laus jord med eit større kammer til reiret i botnen av hòla. Dei lever spreitt, blir oftast sett i par eller små grupper på færre enn ti. Dei er standfuglar.

  • Jaramillo, A. (2020). Patagonian Yellow-Finch (Sicalis lebruni), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.payfin1.01

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Patagoniasporv