Patognomonisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Adjektivet patognomonisk (frå gr. páthos, sjukdom og gnōmon, avgjere) blir ofte bruka innan medisinen for å skildra typiske kjenneteikn ved sjukdommar.

Patognomonisk tilkjennegir tilstrekkeleg førekomst av distinkte eller karakteristiske kjenneteikn på sjukdom eller patologiske tilstandar, slik at det kan stillast ein diagnose ut frå desse. Ein skildrar soleis symptom og sjukdomsteikn som patognomoniske for å vektleggja sannsynet for ein spesifikk diagnose. Døme på eit patognomonisk funn er Kopliks flekkar i munnhola. Dette sjukdomsteiknet er eineståande for meslingar.

«Patognomisk» er ei vanleg feilstaving av ordet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]