Paul Abraham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Abraham
Paul Abraham.jpg
Alias ungarsk namn Ábrahám Pál
Fødd 2. november 1892
Apatin
Død

6. mai 1960
Hamburg

Paul Abraham (2. november 18927. mai 1960) var ein ungarsk-jødisk komponist og musikar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Paul Abraham vart fødd i byen Apatin, som da låg i Ungarn, men som i dag er ein del av den serbiske provinsen Vojvodina.

Abraham studerte musikk ved musikkonservatoriet og den kongelege musikkhøgskulen i Budapest. Dei første suksessane hans var med klassiske musikkstykke og han fekk m.a. ein Josef Haydn-pris i 1922. Økonomiske problem tvinga han til å søkje arbeid, og han vart i slutten av 1920-åra dirigent i Budapest, og der vart dei to første operettane hans oppførte utan nokon særleg suksess.

I 1929 flytte Abraham til Berlin og arbeid ved Metropolteatret. I ein av UFAs musikkfilmar fekk ein av songane hans, «Bin kein Hauptmann, bin kein grosses Tier» stor suksess, og i kjølvatnet av denne kom dei operettane som gjorde han vidkjend.

  • 1930 – Viktoria und ihr Husar
  • 1931 – Die Blume von Hawaii
  • 1932 – Ball im Savoy

Da nazistane kom til makta i 1933 vart musikken hans fordømt som entartet («utarta»), og som jødisk komponist var han ikkje lenger velkommen. Han flytte derfor til Wien, berre for å snart bli tvinga til å gje seg på flukt att — denne gongen til USA via Cuba.

Den mentale helsa hans hadde sidan byrjinga av 1930-åra vore noko vaklande (han leid m.a. av utprega basillskrekk), og ho vart stadig verre. Han døydde på eit sjukehus i Hamburg i 1960.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Zenebona (Der Gatte des Fräuleins)
    Operette i 3 akter (saman med andre komponistar). Uroppført 1928 i Budapest. Libretto: L. Lakatos og S. Brody
  • Viktoria und ihr Husar
    Operette i 3 akter + forspel. Uroppført 21. februar 1930 i Budapest, Hauptstädt. Operettentheater. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda
  • Die Blume von Hawaii
    Operette i 3 akter. Uroppført 24. Juli 1931 Leipzig, Neues Theater. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda, etter Imre Földes
  • Ball im Savoy
    Operette i 3 akter + forspel. Uroppført 23. desember 1932 i Grosses Schauspielhaus i Berlin. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda. Engelsk: Ball At The Savoy, 8. september 1933 ved Drury Lane Theatre i London.
  • Märchen im Grand-Hotel
    Lystspeloperette i 3 akter. Uroppført 29. mars 1934 ved Theater an der Wien i Wien. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda.
  • Dschainah, das Mädchen aus dem Tanzhaus.
    Operette i 3 akter. Uroppført 21. desember 1935 ved Theater an der Wien i Wien. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda
  • Roxy und ihr Wunderteam
    Musikalsk fotballspel. Uroppført 1937 i Wien
  • Der weisse Schwan 193?
  • Es geschehen noch Wunder i 193?
  • Julia
    Operette i 3 akter. Uroppført 1937 i Budapest
  • Zwei glückliche Herzen.
    Libretto av Robert Gilbert og Armin L.Robinson. Oppføringsdato ukjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]