Paul Sabatier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Sabatier
Paul Sabatier.jpg
Fødd5. november 1854
Carcassonne
Død14. august 1941
Toulouse
NasjonalitetFrankrike
Områdeuorganisk kjemi, organisk kjemi
Yrkekjemikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Toulouse
Alma materÉcole normale supérieure
DoktorgradsrettleiarMarcellin Berthelot
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Académie des sciences, inscriptions et belles-lettres de Toulouse
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Accademia Nazionale dei Lincei
Royal Irish Academy
Consistori del Gay Saber

Nobelprisen

Nobelprisen i kjemi
1912

Paul Sabatier (5. november 18544. august 1941) var ein fransk kjemikar. Han fekk Nobelprisen i kjemi i 1912 saman med landsmannen Victor Grignard for å ha utvikla ein metode for hydrogenering av organiske sambindingar i samband med metallkatalysatorar. Han oppdaga også Sabatier-prosessen, som er blitt oppkalla etter han.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Paul Sabatier var fødd i Carcassonne sør i Frankrike. Etter skulegang opp til vidaregåande i heimbyen førebudde han seg til opptaksprøvane ved dei parisiske elitehøgskulane École Polytechnique og École Normale Supérieure i Toulouse. Sabatier kom inn ved begge, og valde den siste. Han byrja ved École Normale Supérieure i 1874 og gjekk ut i 1877 med beste resultat i klassen.

Etter eit år som fysikklærar i Nîmes blei han assistent for Marcellin Berthelot ved Collège de France i Paris. Her fekk han doktorgraden i 1880. Han underfviste i fysikk ved Universitetet i Bordeaux fram til 1882, då han fekk ei tilsvarande stilling ved Universitetet i Toulouse. Her blei han verande livet ut, frå 1884 som professor i kjemi. Han fortsette å førelesa fram til han døydde i 1941.

Sabatier var gift med Germaine Herail som han fekk fire døtrer med. Kona døydde i 1898 og han gifta seg aldri opp att. Han skal ha vore ein tilbakehalden mann som likte kunst og hagearbeid.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1928 blei Sabatier vald til utanlandsk representant av Kungliga Vetenskapsakademien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kjemiartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.