Victor Grignard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Victor Grignard
Viktor-grignard (cropped).jpg
Fødd 6. mai 1871
Cherbourg
Død

13. desember 1935 (64 år)
Lyon

Yrke kjemikar, universitetslærar
Victor Grignard på Commons

Nobelprisen

Nobelprisen i kjemi
1912

François Auguste Victor Grignard (6. mai 187113. desember 1935), kjend som Victor Grignard, var ein fransk kjemikar som fekk Nobelprisen i kjemi i 1912 for å ha oppdaga og gjort greie for den kjemiske reaksjonen som fekk namnet etter han, Grignardreaksjonen. Nobelprisen i kjemi vart dette året delt mellom han og landsmannen Paul Sabatier.

Grignard var fødd i Cherbourg og døydde i Lyon. Han hadde utdanna seg til matematikar hjå universitetet i Lyon før han vart interessert i kjemi, og særleg tok for seg dei kjemiske reaksjonane mellom organiske halogenbindingar og magnesium. Han vart professor ved universitetet i Nancy i 1910.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Victor Grignard, «Sur quelques nouvelles combinaisons organométalliques du magnésium et leur application à des synthèses d'alcools et d'hydrocarbures», Comptes rendus hebdomadaires des séances de l'Académie des sciences (C.R. Hebd. Seances Acad. Sci.), vol. 130,‎ 1900, p. 1322-1324 (ISSN 0001-4036, kan lesast på internett)
  • Victor Grignard, «Les composés organomagnésiens mixtes et leurs principales applications», Revue scientifique, vol. 51, no 15,‎ 12 avril 1913, p. 449-456 (kan lesast på internett)
  • Victor Grignard, Traité de Chimie Organique, Paris 1935: Masson, 500 p.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]