Paul Thyness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Thyness
Fødd 10. april 1930
Aker
Død

30. mars 2016
Oslo

Yrke politikar, statsvitar

Paul Thyness (10. april 193030. mars 2016) var ein norsk politikar, fødd og død i Oslo. Han var stortingsrepresentant 1965-81 frå Oslo og for partiet Høgre.

Thyness var son til ein farmasøyt. Etter artium ved Frogner skole i Oslo i 1948 studerte han statsvitskap og historie ved Universitetet i Oslo, og vart cand.philol. i 1955. I studietida var han formann i Den Konservative Studenterforening, samt aktiv bidragsytar til tidsskriftet Minerva og avisa i Morgenbladet.

I 1956 fekk Thyness stilling som utgreiingsleiar i partiet Høgre, seinare også som sekretær i stortingsgruppa. Då John Lyng danna regjering i 1963 var Thyness statssekretær på statsministerkontoret. Frå 1965 til 1981 var Thyness var vald inn på Stortinget frå Oslo. På Tinget var han medlem i Forsvarskomiteen 1965–73, Utanriks- og konstitusjonskomiteen 1973–77 og Finanskomiteen 1977–81.

Etter han forlet Stortinget arbeidde Thyness i FNs utviklingsprogram (UNDP) i New York til 1988, der var han president i hjelpeorganisasjonane CARE Norge og CARE International. Han var 1992-98 formann i representantskapen til Noregs Bank.

Thyness var styreformann i Norges Utenrikspolitiske Instititt (NUPI) i periodane 1972–78 og 1988–92, samt president i Nordmanns-Forbundet 1975–80.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]