Peñón de Vélez de la Gomera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peñón de Vélez de la Gomera, sett frå kysten av Marokko

Peñón de Vélez de la Gomera er ei av dei spanske områda i Nord-Afrika utanfor kysten av Marokko (Plaza de soberanía), i lag med kystbyane Ceuta og Melilla, øyane Peñón de Alhucemas og Islas Chafarinas. Vélez de la Gomera er administrert frå Melilla. Den vesle folkesetnaden består berre av militære.

Peñón de Vélez de la Gomera ligg 119 km søraust for Ceuta, det største spanske området i Afrika. Ho var ei naturleg øy fram til 1934 då ein storm vaska store mengder sand inn i den smale kanalen mellom øya og fastlandet[1]. Sidan den gong har ho vore ei halvøy, i dag knytt til kysten av Marokko via ei 85 meter brei landtunge, den kortaste landegrensa i verda. Med ei lengd på 400 meter frå nordvest til søraust, og ei breidde på 100 meter, dekkjer øya eit areal på 1,9 hektar eller 0,019 km².

I 1508 starta Spania ein ekspedisjon leia av Pedro Navarro for å kjempe mot sjørøvarar på øya som stadig gjekk til åtak på kysten av Sør-Spania. Spania erobra Peñón, men tapte ho att i 1522 etter eit åtak frå berbarar, då heile den spanske garnisonen vart massakrert. I 1564, etter nokre mislukka forsøk, gjenerobra spanjolane under García Álvarez de Toledo av Villafranca, øya og har hatt kontroll over ho sidan den gong, trass i omleiringar i 1680, 1701, 1755, 1781 og 1790.

I 1871 var det debatt i den spanske kongressen om dei skulle forlete Peñón, sidan øya den gong ikkje lenger var militær strategisk, men forslaget vart til slutt droppa.

Spanske område i Nord-Afrika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Historia til Peñón de Vélez de la Gomera (spansk)

Koordinatar: 35°10′N 4°18′W