Peder Aadnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Aadnes
Peder Aadnes.PNG
Fødd 10. august 1739
Fluberg
Død

20. juni 1792
Ringerike kommune

Yrke kunstmålar, kunstnar
Peder Aadnes på Commons

Peder Pedersen Aadnes (10. august 173920. juni 1792) var ein norsk målar og gardbrukar på Odnes i Fluberg i Buskerud.

Aadnes synte tidleg framifrå evner som rosemålar. Han dreiv då med å dekorere vegger og skåp på gardar på Austlandet. Ei tid gjekk han i lære hos Niels Thaanning i Christiania. Sidan måla han mange portrett av embetsfolk.

Aadnes «makta å sameina rosemålartradisjonen med rokokkostilen i ornamnet, landskap og figurbilete som ingen annan nordmann på hans tid», skriv Arne Durban i Norsk Allkunnebok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok, X. bandet, 1966

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Anker, Peter; Folkekunst i Norge, kunsthåndverk og byggeskikk i det gamle bondesamfunnet, Oslo 1998, ISBN 82-02-17000-1
  • Sverdrup, Janike Ugelstad (2007): Thi han blev en kunstmaler : Peder Aadnes og hans billedverden, Oslo. ISBN 978-82-7099-466-3