Odnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°48′12″N 10°10′13″E

Odnes Hotel fotografert av Axel Lindahl omkring 1880-1890

Odnes er ei bygd i Søndre Land kommune i Oppland. Bygda ligg på nordsida av Randsfjorden, ved riksveg 33, og har namn etter garden Odnes. Jarnbanestasjonen Odnes på 139 meter over havet låg på den nedlagde Valdresbana, 140 km frå Oslo og 70 km frå Fagernes. Odnes var stoppestad den gongen dampskip gjekk i rutetrafikk på Randsfjorden.

Odnes er kjend for den store hoppbakken Odnesbakken. I denne hoppbakken sette Birger Ruud verdsrekord i skihopping med 76,5 meter i 1931. Same året sette Johanne Kolstad verdsrekord for kvinner med 46,5 meter. Også Merete Kristiansen sette verdsrekord då ho i 1989 hoppa 111 meter i Odnesbakken. Ei rad noregsmeisterskap vart avvikla i bakken, det siste i 2002. Odnesbakken vart riven i 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IX. bandet. 1959