Peder Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. oktober 1813
Bardu kommune
Død

29. mars 1873 (59 år)
Christiania

Yrke politikar, bonde
Språk norsk

Peder Andersen (1. oktober 181329. mars 1873) var ein lærar, gardbrukar, emissær og stortingsmann frå Bardu i Troms.

Andersen var son av ein gardbrukar i Bardu. Han gjekk aldri på skule i barneåra, lesing og rekning lærde han seg heime. Dei fyrste øvingane i skriving og rekning skal ha foregått med kol på høvla trestykke. Han vart lærar og frå 1847 gardbrukar på Moen i Bardu.

Andersen var den fyrste ordføraren i Bardu og elles med i forlikskommisjonen. Om vintrane reiste han fleire år som emissær for indremisjonen og for heidningmisjonen. Nokre vintrar under lofotfisket var han styrar av forsamlingshuset på Kalle i Lofoten.

Både for 1868-69 og 1871-73 var han 2. representant frå Tromsø amtStortinget. Heile tida var han medlem av budsjettkomiteen. Andersen døydde i 1873 under stortingsopphaldet i Christiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]