Peder Anzjøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Anzjøn
Fødd 23. januar 1806
Klinga
Død

23. mai 1890 (84 år)
Vikna

Yrke bonde, politikar, lensmann

Peder Paulsson Anzjøn (23. januar 180623. mai 1890) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Namsos.

Anzjøn var son til ein lensmann og gardbrukar i Namsos. Sjølv var han lensmann i Vikna frå 1830, frå 1839 også i Nærøy. Gardbrukar på garden Åkvik i Vikna. Han var medlem av heradsstyret i mange år, sparebankdirektør frå 1858 og elles forlikskommissær. Anzjøn slutta som lensmann fyrst i 1890, kort før han døydde.

Anzjøn var valmann 1838-76, og var 3. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget i 1842. Han var då medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Ved stortingsvala for 1845 til -51 kom han på tredje og fjerde varamannsplassar.

Han døydde i Nærøy i 1890.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914