Peder Olai Kleppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Olai Knutsson Kleppe (31. januar 187219. september 1933) var ein gardbrukar, landhandlar og politikar, fødd og død på Storekalsøy i Austevoll.

Kleppe var sjømann i yngre år. Han gjekk elles eit vinterkurs ved folkehøgskulen i Sogndal og tok i 1892 styrmannseksamen. Allereie i 1893 tok han over gardsbruket og landhandelen på Møkster etter far sin. Kleppe dreiv òg med kjøp og sal av fisk og engasjerte seg såleis i nasjonale fiskerispørsmål. Han var 1908-20 med i Fiskeriådet og var medlem i både Den departementale snurpenotkomite av 1914, Fiskeforsyningskomiteen av 1916, Komiteen om en landsorganisasjon for fiskere av 1917, samt i Komiteen om fiskeribedriftens vanskelige stilling av 1917.

Kleppe var ordførar i Austevoll kommune frå 1902 til 1918. Hausten 1918 vart han vald til stortingsmann frå einmannskrinsen Ytre Sunnhordland som representant for partiet Høgre. Kleppe var den fyrste på Stortinget frå Austevoll. Han møtte einast 1919-sesjonen, medlem i Næringskomite nr 1. Det er uvisst kvifor han var «permittert» resten av 3-årsperioden.

Frå 1928 og fram til han døydde i 1933 var Kleppe reisande inspektør for Noregs Sildesalslag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]