Pedro II av Brasil
Utsjånad
| Pedro II | |||
| | |||
| Keisar av Brasil | |||
| Regjeringstid | 7. april 1831–15. november 1889 | ||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Pedro de Alcântara João Carlos Leopoldo Salvador Bibiano Francisco Xavier de Paula Leocádio Miguel Gabriel Rafael Gonzaga | ||
| Fødd | 2. desember 1825 | ||
| Fødestad | Rio de Janeiro | ||
| Død | 5. desember 1891 | ||
| Dødsstad | Paris | ||
| Gravstad | Cathedral of Petrópolis, Petrópolis | ||
| Føregangar | Pedro I | ||
| Etterfølgjar | Monarkiet blei avskaffa og Deodoro de Fonseca overtok som president. | ||
| Gift med | Teresa av Dei to Sicilia | ||
| Dynasti | Huset Bragança | ||
| Far | Pedro I av Brasil | ||
| Mor | Maria Leopoldina | ||
| Born | Afonso, Prince Imperial of Brazil, Isabel, Princess Imperial of Brazil, Princess Leopoldina of Brazil, Pedro, Prince Imperial of Brazil | ||
Pedro II av Brasil eller Dom Pedro II do Brasil (2. desember 1825–5. desember 1891) var den andre og siste keisaren av Brasil.
Han blei keisar berre fem år gammal, i 1831, etter at faren Pedro I abdiserte og forlét landet. Fram til 1841 blei landet styrt av fleire regentar på hans vegner. Pedro II blei omtalt som ein liberal monark som tok skritt for å reformera og industrialisera Brasil. Mellom anna la han ned forbod mot slaveri i 1888. Sjølv om han var populær blant befolkninga, blei monarkiet avskaffa ved eit militærkupp i 1889. Han flytta då til Paris, der han døydde 5. desember 1891.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pedro II av Brasil» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2018.
- Julsrud, Ottar & Buvollen, Hans Petter. Brasils historie (2. januar 2018). I Store norske leksikon.