Peer H. Staff
| Peer H. Staff | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 9. august 1941 |
| Død | 16. september 2025 (84 år) |
| Idrett | orientering |
Peer Hallvard Staff (9. august 1941–16. september 2025) var ein norsk lege og orienteringsløpar frå Oslo. Han vart nordisk meister i orientering i 1965 og noregsmeister i 1963. Han var far til Hanne Staff.
Orienteringsløp
[endre | endre wikiteksten]Staff, som var medlem i Nordstrand IF, vart norsk meister i orientering 1963. Året etter kom han på andreplass etter Stig Berge. Under den nordiske meisterskapen 1965 ved Hokksund sprang han inn til siger framom Berge og ytterlegare tre nordmenn. Dagen etter tok Staff seg av den tredje etappen for det norske mannskapet som vann stafetten.
Medisin
[endre | endre wikiteksten]Staff studerte medisin ved Universitetet i Oslo. Frå 1975 til 2001 arbeidde han ved Ullevål sykehus i 1975-1985, dei siste 16 åra som avdelingsoverlege.[1]
Sidan var han 2001-2008 medisinsk fagsjef i Tryg Forsikring.[1] Staff var ein av grunnleggjarane av Norsk Idrettsmedisinsk Institutt.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «75 år». Arbeiderbladet. 9. august 2016.
- ↑ Jon Ivar Brevik; Jens Ivar Brox (30. september 2025). «Peer H. Staff (1941-2025)». Aftenposten. Nekrolog