Peloritani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein furuskog i området Mili San Pietro i kommunen Messina.

Peloritani (italiensk Monti Peloritani) er ei fjellkjede nordaust på Sicilia sør i Italia. Ho strekkjer seg 65 km frå Capo Peloro til Nebrodifjella. I nord grenser ho til Tyrrenhavet og i vest til Det joniske havet.

Rocca di Salvatesta frå Fondachelli-Fantina

Dei høgaste toppane er Montagna Grande (1 374 m) og Rocca Novara (Salvatesta) (1 340 m). Fjellkjeda består av ei rekkje fjelltoppar med ei gjennomsnittleg høgd på 800-1000 m, med ryggar og raviner i mellom. Dei djupe ravinene inneheld mange elvar. Den mest vanlege bergarten her er magmatisk og metamorf bergart. I tillegg finn ein sandstein.

Montagna di Vernà, 1287 meter, frå Fondachelli-Fantina

Av vegetasjon finn ein steineik, eik, korkeik, bøk, furu og kastanje, som ein gong danna store skogar, men om i dag er reduserte til spredte skogar på grunn av avskoging. Landskapet er derfor steppeliknande. Sidan 1950-åra er derimot fleire området vorte planta med furuskog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 38°03′N 15°20′E