Peparslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peparslekta
Piper lanceaefolium (inflorescense).jpg
Vitskapleg namn
Piper
Utbreiing
Habitat: Terrestrisk
Område: Tropane
Systematikk
Rike: Plantae
Divisjon: Angiospermae
Klasse: Magnoliidae
Orden: Piperales
Familie: Piperaceae

Peparslekta (Piper) er ei planteslekt i peparfamilien som omfatter 1000-2000 artar som veks som urter, buskar eller klatrande vedplanter. Dei veks hovudsakleg i tropane, mange i underskogen i lågtliggande tropisk regnskog. Blomane er som oftast einkjønna, utan blomedekke, og sit i tette aks. Dei dannar ei bærliknande steinfrukt.

Piper longum

Mange artar i slekta er viktige krydderplantar ettersom alle plantedelane inneheld skarpe stoff som brenn på tunga (harpiksar og eteriske oljer). Svart pepar (Piper nigrum) og kubebapepar (P. cubeba) er klatreplantar som gjev peparkrydder - krydderet frå førstnemnde er den vanlegaste pepartypen. Av P. longum og P. officinarum blir heile fruktstanden tørka og seld som langpepar. Fleire artar blir brukte som medisin, avslappande eller stimulerande middel. Betelpepar (P. betle) blir til dømes brukt til framstilling av betel og kava-kava ( Piper methysticum) til drikken kava.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]