Pepsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pepsi (òg kalla Pepsi-Cola) er ein amerikansk kolsyrehaldig leskedrikk produsert av PepsiCo. Drikken er hovudkonkurrenten til leskedrikken Coca-Cola.

Pepsi vart funne opp på 1890-talet av farmasøyten Caleb Bradham. Drikken vart opphavleg laga for å kurere meltingsplager, og Bradham tok namnet Pepsi frå det medisinske namnet dyspepsi.

Ulike sortar[endre | endre wikiteksten]

Denne lista er ikkje fullstendig.

Namn Skildring
Pepsi Standardutgåve, cola
Pepsi Light* Utan sukker
Pepsi Max Utan sukker, men med meir koffein
Pepsi Max Cappuccino Smak av cappuccino
Pepsi Max Cool Lemon Smak av sitron
Pepsi Max Gold Smak av ingefær
Pepsi Boom* Utan koffein og sukker
Pepsi Twist (regular & diet)* Mild sitronsmak
Pepsi Wild Cherry (regular & diet)* Smak av kirsebær
Pepsi Vanilla (regular & diet)* Smak av vanilje
*Ikkje tilgjengeleg i Noreg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]