Per Lasson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Lasson
Fødd18. april 1859
FødestadChristiania
Død6. juni 1883
FødenamnPeder Carl Lasson
OpphavNoreg
Verka somkomponist
MorAlexandra von Munthe af Morgenstierne
FarChristian Lasson

Per Lasson (fødd 18. april 1859 i Kristiania, daud 6. juni 1883 på dampskipet «Christiania» ein stad mellom Tyskland) var ein norsk komponist.

Lasson var fødd inn i ein kunstnarleg familie med fleire musikarar. Han var nest eldst i ein barneflokk på ti, og blant dei åtte søstrene hans finn ein kunstmålaren Oda Krohg og kabaretkunstnaren Bokken Lasson. Halfdan Kjerulf var ein fjern slektning.[1]

Per Lasson fekk kreft og døydde berre 24 år gamal på veg heim frå kuropphald i Bad Kreuznach. Då han gjekk bort skreiv Nordisk Musik-Tidende at han «var en saa musikalsk begavet Natur og eiede et saa lovende Talent, at hans tidlige Bortgang i en ganske ung Alder ikke alene beklages af Slægt og Venner, der stode ham nærmest, men af Alle, der levende interessere sig for vor Kunst, og som til ham knyttede ikke ringe Forventninger.»[2]

Hovudinspirasjonskjeldene til Lasson var den tyske romantikken. Han nådde berre å skrive 15 romansar, 9 klaverstykke og ein orkesterouverture, men dei syner ein tydeleg musikkgjevnad og eit godt grep om det handverkmessige.[1]

I dag er Lasson mest kjend for klaverstykket Crescendo og Grisemarsjen, festmarsj til ordenspromosjonen i «griseordenen», Studentersamfundet i Kristiania 1882. I hans eiga samtid var Crescendo og songen Træet svært populære.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]