Hopp til innhald

Per Longva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Longva
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. januar 1905
Død

6. oktober 1976 (71 år)

Yrke advokat, politikar

Per Ole Longva (29. januar 19056. oktober 1976) var ein norsk jurist, byråkrat og politikar frå Haram. Han var far til Svein Longva.

Far til Per Longva var styrar av landhandelen på Flemsøy/Skuløya. Sjølv prøvde Longva seg som handelsmann før han studerte jus ved Universitetet i Oslo. Frå 1933 var han sakførar i Florø. Fem år seinare byrja han i sekretær-stilling i Handelsdepartementet. Sidan var han byråsjef i Finansdepartementet til 1950. Åra 1950 til -66 var Longva sorenskrivar i Søre Sunnmøre, med tenestestad Volda. Her var han medlem av kommunestyret, ordførar i Volda kommune for Arbeidarpartiet perioden 1956-59. Frå 1966 var han sorenskrivar i Horten til utgangen av 1974. Longva og kona flytta så til Volda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]