Per Maurseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Per Eggum Mauseth.
Per Maurseth

Fødd7. juni 1932
Bergen
Død10. mai 2013
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
BarnPer Botolf Maurseth
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Per Maurseth (7. juni 193210. mai 2013) var ein norsk historikar.

Maurseth vart fødd i Bergen. Han vart dr. philos. i 1979 på avhandlinga Sentraladministrasjonens historie 1814-1845. Per Maurseth var elev av Jens Arup Seip.

Han var ein av initiativtakarane til Sosialistisk Folkeparti som braut ut av Arbeidarpartiet i 1961. I Sosialistisk Folkeparti var han ein periode nestformann og han sat i sentralstyret.

Maurseth vart førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Oslo 1971, og seinare professor i historie ved Universitetet i Trondheim frå 1982 til 2002. Hovudforskingsområdet til Maurseth har vore historia til arbeidarrørsla. Han var redaktør av Tidsskrift for Arbeiderbevegelsens Historie i perioden 1976 til 1986.

Maurseth var oppnemnd av Kongen i statsråd som medlem i Innsynsutvalet som handsama krav om innsyn i Overvåkingspolitiets arkiv og registere i perioden 2001–2007.

Han var far til sosialøkonomen og statssekretæren Per Botolf Maurseth.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 Fra Moskvateser til Kristianiaforslag. Det norske Arbeiderparti og Komintern fra 1921
  • 1981 Embetsmannsstat og Rettsstat. Teorien om ´politikkens opphevelse´ og politisk handling etter 1814 i HT 60 s.169-179
  • 1988 Gjennom kriser til makt 1920-1935 bind 3 av Arbeiderbevegelsens historie i Norge

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]