Per Paust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Paust
Fødd 1. desember 1943
Død

6. mai 1999

Yrke diplomat

Per Olav Paust (1. desember 19436. mai 1999) var ein norsk diplomat.

Han var utdanna magister i statsvitskap (mag.art.) og arbeidde først i Norad. I 1974 byrja han i utanrikstenesta.

Han var pressetalsmann i Utanriksdepartementet frå november 1984 til februar 1988, då han blei utnemnd til ambassaderåd ved ambassaden i Washington, D.C. Han var stasjonert i Washington i to omgangar. Paust var òg stasjonert i Jakarta i tre år. I 1998 var han fungerande generalkonsul i New York.

I tida før Vinter-OL 1994 på Lillehammer leidde han eit prosjekt for profilering av Noreg i utlandet i samarbeid med NORTRA og Norges Eksportråd.

Paust døydde av kreft i 1999. Han var gift med Anne Orderud Paust, som var personleg sekretær for forsvarsministeren. Ho vart drepen drygt to veker etter at mannen døydde, i det som vart kjent som Orderud-saka.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ektepar med toppkarriere - VG 23. mai 1999